NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Ålvik - spanande vasskrafthistorie

Ålvik - spanande vasskrafthistorie

Nye Bjølvo Kraftverk kom i drift i mai 2004 og Gamle Bjølvo kraftverk vart fasa ut. Ei epoke i norsk vasskrafthistorie var over.

Foto: Harald Hognerud        Film: Dag Endre Opedal

 

Bjølvo kraftverk 2014

I  mai 2014 fekk Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i oppdrag av Statkraft Energi AS å dokumentera Gamle Bjølvo Kraftverk utanom den gamle kraftstasjonen. Denne vart dokumentert av NVIM i 2005 også på oppdrag av Statkraft Energi AS. I dette nye prosjektet er både røyrgata, trallebanen, ventil- og lukehus, damanlegg, andre tidlegare og gjenverande installasjonar, samt andre kulturminne etter Gamle Bjølvo Kraftverk, dokumenterte.

Dokumentasjonen er blitt til gjennom arkivarbeid, foto, film, intervju og gjennomgang av andre kjelder, både skriftlege og munnlege. Rapporten inneheld både ein skriftleg hovudrapport og vedlagde mapper. Dokumentasjonen er tilrettelagd for framtidig forsking og formidling av kraftanlegget i lokal, nasjonal og internasjonal samanheng.

Rapporten inneheld òg vurderingar av samanhengen mellom Gamle Bjølvo kraftverk og utvikling av industriproduksjon og resten av samfunnet i Ålvik.

Dokumentasjonen er no tilrettelagd for formidling på nett. Du finn artiklar og foto under fanene Historie og Industristad eller klikk deg inn på lenkene til høgre.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum vil takka alle informantar, og særskilt Knut Hovland og Atle Kvåle som har vore gode kontaktpersonar for Statkraft Energi AS i Ålvik.

Rapportane kan lastast ned som pfd i kolonna til høgre. Hvis du vil sjå alle foto kan du klikka deg inn på lenka Bjølvo foto på Flickr 

 

Nedanfor kan du sjå ein film frå dokumentasjonen:

 

 

Toppen og øvre del av røyrgata Ålvik from NVIM on Vimeo.

Du kan lese meir om Bjølvo kraftverk på vasskrafta.no/bjolvo

Ålvik i Hardanger. Foto: Harald Hognerud

Ålvik i Hardanger. Foto: Harald Hognerud

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no