NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Epidemiar i Hardanger

Epidemiar, pandemiar og krigar er dei hendingane som har ført til tap av flest liv gjennom historia. 

Keiserbrakka - lasarettet i 1909 Lasarettet i Odda var fullt til alle tider. Spesielt viste det seg å gjera stor nytte under tuberkulose-, difteri- og skarlagensfeberepidemiane som herja på 1910- og 1920-talet. Her kunne ein isolera dei sjuke for å hindra større spreiing av sjukdomane. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Svartedauden

Den mest kjende epidemien er Svartedauden – pesten som kravde ufatteleg mange menneskeliv over heile verda på 1300-talet. Ein har kunna spora opphavet attende til Mongolia i 1348. Herifrå bevegde den seg raskt sjøvegen og opp i innlandet i Sør-Europa, Nordafrika og Midtøsten før den nådde England. Derifrå kom den til Norge. Pesten nådde Bergen sommaren 1349.

Namnet Svartedauden fekk sjukdommen fordi den farga kroppen til dei sjuke svart. Minst halvparten av Norges befolkning (den gong om lag 17 000), og rundt 60% av Europas befolkning døydde, til saman mellom 60 og 80 millionar menneske. Utløysar var pestbakteria Yersinia pestis. Den er ikkje utrydda.

 

Farsottar herja bygdene i Hardanger fleire år. Eit av dei verste pest-åra var 1570. Prost Hertzberg fekk opplysningane om pesten som kom til Odda det året frå ein gammal klokkar med namn Iver M. Aarhus. Sjukdomen kom over Røldal frå Telemark, og breidde seg utover heile Hardanger. Pesten enda ofte med ein byll, då var det håp om å bli frisk. I dag veit ein at dette må ha vore byllepest, som er den vanlegaste formen for pest. Den kjem frå lopper som overfører smitte frå rotter.

 

Pesten vart kalla «Den store pestilensen» og den vart bruka som utgangspunkt for tidsrekninga – før og etter. Dødeligheita var så stor i Ullensvang, at kvar dag stod det sju mann på kyrkjegarden og grov opp graver. Dei måtte setta kistene oppå kvarandre i kvar grav for å få plass til alle.

Stenger med kvite flagg blei sett opp på gardane om det fantes levande att der.

 

I 1600 og 1618 herja pesten på ny. Marita Helgesendatter Eitrheim overlevde sjukdomen og kunne fortella at dødeligheita i Odda var så stor at det kom fem, seks lik til kyrkja kvar dag, og det var ikkje nok folk att på staden til å ta seg av kyrna som stod og sulta i hjel på båsane.

I 1638 kom ein «pest» som utelukka angreip og drepte born. Ein går ut i frå at det har vore skarlagensfeber eller difteri.

 

 

 

Helsetilstanden i Hardanger

Odda, Ullensvang og Hardanger blei heller ikkje spart for epidemiar. Distriktslege Gerh. Brock skreiv i 1855 om "Levemaaden og de hygieniske forhold i Indre Hardanger", der han meiner at framgangen på helsetilstanden og helsetiltaka ikkje er stor, men at det går rette vegen. Det blei mindre sjukdomar etter kvart som reinsemda betra seg, sjølv om det ikkje var lett å få folk til å endra vaner, spesielt "oppe i dalane".

Det var mykje sjukdom mellom folk. Buplassane på gardane var bygd med liten plan og omtanke, der våningshus og fjøs stod om ein annan, med tronge smug og søppeldungar framføre inngangsdøra. Heile huslyden held seg i eit rom, der stova sjeldan blei utlufta eller vaska. Dei fleste hadde kokeomnar i same rom, og stovene blei råskne av dampen av vatnet som rann nedetter veggane.

Folk var heller ikkje flinke med å vaska seg sjølve, berre ansiktet blei vaska kvar laurdagskveld. Sengklær og underklær av ull blei sjelden eller aldri vaska. Golv og møblar heller ikkje, og some stader låg skit og støv opphopa under sengene frå generasjon til generasjon. Skabb og anna utøy var utbreidd.

 

Smittesjukdomar

Etter 1600-talet var bygdene i Hardanger sparde for katastrofale epidemiar, sjølv om tyfus, koppar, tuberkulose og lepra herja frå tid til annan. I 1750 fantes berre to legar i Bergen, og ingen elles på vestlandet. Folk hadde uansett meir tillit til kloke koner og menn, og mange prestar la seg til med medisinsk kunnskap, der ikkje alle var like godt kvalifiserte. Prost Nils Hertzberg var ein av dei som utmerka seg som prest med medisinske kvalitetar.

 

 

Lepra

Smittesjukdomen Lepra, spedalskhet eller spillesykja, var den mest frykta sjukdomen, og den største ulukka som kunne ramma eit menneske i tida frå 1460 til 1873. Dei sjuke blei utstøytte frå samfunnet og mange døydde i fattigdom og elendigheit før bakteria blei oppdaga og medisin kunne utviklast. I 1461 opna St.Jørgen hospital for spedalske i Bergen. Berre dei som kunne betala for seg fekk plass der. Var det slutt på pengane, blei pasientane sette på gata. I 1661 vedtok Hardanger og Voss å gje ei årleg yting til hospitalet på fire skilling for kvar pasient. Ein meinte først at lepra var ein arveleg sjukdom. Det var ikkje før i 1873 at den norske legen Gerhard Armauer Hansen oppdaga leprabasillen og ei effektiv behandling med ein miks av fleire antibiotika kunne setjast i gang.  St. Jørgen hospital er i dag Lepramuseum.

Førekomsten av lepra på verdsbasis har grunna intensiv oppsporing av pasienter og betre medikamentell behandling sunket dramatisk dei siste 30–40 åra. I dag finns lepra fortsatt i mange land, men det er berre i nokre få land at lepra utgjer eit helseproblem.


 

Koppar

Smittesjukdomen som tok flest liv på 1700-talet var koppar. Spesielt born døydde i hopetal av denne virussjukdomen. Mange familiar mista heile barneflokkar, og dei som overlevde fekk stygge arr over heile kroppen, mest gjekk det ut over ansiktet. Nokre miste syn og høyrsel, eller begge delar.

Anslagsvis 45 millioner menneske døydde av koppar i Europa. Dødelegheita var skremmande stor blant dei smitta, kanskje 40 prosent eller meir. Over 700 born døydde av koppar i Bergen i 1741. Så seint som i 1908–1909 oppstod ein ny epidemi i Kristiania med 246 tilfelle. 

Sjukdommen blei smått om senn utrydda etter at den engelske legen dr. Edward Jenner utvikla vaksine mot koppar i 1796. Dr. Jenner kalla metoden vaksinasjon, fordi det blei brukt smittestoff frå kyr, som heiter vacca på latin.

Engelske budeier hadde ry for å vera så vakre, dei hadde nemleg ikkje arr frå koppar. Årsaka var at det finns ein variant av koppesjukdomen, ein dyresjukdom, som mellom anna rammer storfe og heiter kukoppar (cowpox). 

Budeiene blei smitta av kukoppar i arbeidet, men blei ikkje særleg sjuke. På denne måten blei dei likevel beskytta mot vanleg koppesmitte, ei kryssimmunitet mellom sjukdommane. Kanskje kunne denne oppdaginga nyttast til å forebygga? Dr. Edward Jenner gjorde i 1796 eit viktig eksperiment: Han inokulerte ein åtte år gamal gut med smitte frå kukoppar. Etter ei tid fekk guten smittestoff frå den vanlege koppesjukdomen – men blei ikkje sjuk. Med hjelp av denne noko riskante forskingsmåten, med å bruka eit born som forsøkskanin, lanserte Dr. Jenner ein ny forebyggande metode, som gav immunitet mot koppesjukdomen. Bruk av kryssimmunitet var eit nytt prinsipp. 

Dr. Monrad brukte metoden med godt resultat i Bergen i 1801. Nils Hertzberg, som då var sokneprest i Kvinnherad, var ikkje sein å skaffa seg vaksine då koppane viste seg i Kvinnherad. Folk protesterte mot å la borna sine vaksinera, men då Hertzberg hadde vaksinert sine eigne born, og ein såg at dei ikkje tok skade av det, gav dei opp motstanden. Hertzberg organiserte også ei vaksinering i Hardanger, og dei gode resultata gjorde at tvungen vaksinasjon blei innførd i Danmark/Norge i 1810. Nils Hertzberg fekk Nordstjerneordenen for sitt arbeid. Koppane viste seg siste gong i Ullensvang i 1841.

 

Anna frå Sauda si koppevaksine frå 1850 Koppeattest utstedt 1851 og 1853. Til Anna. Ein Kukoppe Indpodnings Attest. Foto: Ryfylkemuseet

 

Tyfus

Tyfus (sott) er ein tarminfeksjon forårsaka av bakterier, og ein følge av dårleg hygiene. Tyfus tok mange liv i Hardanger i åra 1836-1845. Det første offeret blei kravd på Lutro, og sjukdomen spreidde seg inn fjorden til Odda, opp Oddadalen og vidare over fjellet. Då sjukdomen hadde rasa frå seg i 1845, hadde han teke 38 liv. I 1853 blomstra tyfusen opp att og tok tre liv.

 

Kolera

Tarminfeksjonen Kolera spreidde seg som ein epidemi fleire gonger på 1800-talet. Då koleraepidemien velta over Europa i 1830, kom det påbod frå regjeringa om at det skulle nemnast opp ein sunnhetskommisjon i kvart prestegjeld. Det viktigaste pålegget dei fekk var å syta for at det blei opparbeidd nok likkister som var tjørebredde innvendig, og å velga ut serskilde kolerakyrkjegardar dersom den vanlege kyrkjegarden låg for nær bustadhus. 

I 1849 nådde koleraen Bergen og snart etter Hardanger. Ein kolerakyrkjegard blei anlagt ved Skarsmo i Odda, og ein på Lote i Kinsarvik. Koleraepidemien i 1848 til 1850 kravde berre i Hordaland og Bergen over 1200 liv. Øvregatens skole var lasarett under koleraepidemien frå 1848 til 1849. 

 

Tuberkulose

Skuleklasse i Odda på 1920-talet

Skuleklasse i Odda i 1923. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Mange av elevane her på bildet av ein skuleklasse i Odda i 1923 døydde av tuberkulose, som var ein av dei frykta epidemiske sjukdomane i tida 1895 til 1955. Den tok livet av kring 250 000 nordmenn, om lag 6000 til 7000 menneske per år. Ein reknar med at ein tredel av verdas befolkning i dag er infisert med tuberkelbakterien, og at 1,6 millioner menneske dør av tuberkulose kvart år.  Før effektive medisinar blei utvikla, bestod behandlinga stort sett av opphold på sanatorium, der frisk luft var ein viktig behandlingsfaktor. 

Dr. Christian Garmann Anderssen var ein lege frå Bergen som busette seg og blei distriktslege på Lofthus kring 1880. Tuberkulose var hans spesialområde. Dei kjende lite til noko legemiddel mot sjukdomen den gongen, men dei var klar over kor smittsom han var, og at reinsemd og isolering var einaste våpenet ein hadde for å utrydda sjukdomen. Dr. Garmann, som han blei kalla, gjekk til kamp mot den verste smittespreiaren - snusspyttinga. 

Saman med dr. Klaus Hansen, som var føraren i kampen mot tuberkulose i Norge, gjorde han opptaket til det første tuberkulosesanatoriet på vestlandet. Han skipa helselag rundt om i bygdene, heldt foredrag om helsespørsmål, og var timelærar i helselære på folkehøgskulane i Hardanger. Dr. Hansen sette merke etter seg innan praktisk helsearbeid  i Hardanger.

 

 

Spanseksjuka

Spanskesjuka – ei influensa-pandemi som herja over heile verda mellom 1918 og 1920 - var den epidemien som tok fleire liv enn nokon annan sjukdom i historia. Ein reknar med at om lag 100 millioner menneske mista livet av  influensaviruset som hovudsakleg råka born og unge vaksne. 

Jakob Mannsåker fortel om då spanskesjuka kom til Odda. Jakob hadde nettopp fyllt 18 år og arbeidde rundskift på kalkomnane, som gjekk for fullt under 1. verdskrigen. Midt i dette slo Spanskesjuka til og etter eit par dagar var det ingen att på skiftet. Den svenske ungguten Sixten var den første som blei smitta, han døydde få dagar seinare. Jakob var så sjuk at han låg i koma, men klarte seg. Resten av skiftet overlevde også. I mangel på noko betre, skreiv legane ut alkohol som legemiddel og kalla det helsekonjakk eller sjukebrennevin. Då kunne ein lesa i den lokale avisa:

 

Helsekonjakken vert å få på apoteket til den 20. d.m. Reseptar vert utskrevne til den 15. Soleis er reglane, men det er visst unødvendig å gjera kjent slike ting her i Odda.

 

Portrett av Jakob Mannsåker

Jakob Mannsåker (1899-1988). Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Reinsemd og hygiene

Etter kvart nådde legane fram med sine råd om reinsemd og hygiene. Folk bygde større hus med fleire rom, dei fekk nye kokeomnar som leida eimen bort. Det blei også mindre vanleg å koka i rom der det låg sjuke folk, og i det minste blei småborna bada to til tre gonger i veka. Bord og benker blei som regel vaska kvar dag, og golva kvar laurdag. Ein såg heller ikkje så ofte avfallsdynger like ved stovedørene. Lus såg legen sjelden, men det var framleis ein del skabb.

 

 

Levealder

I 1820-åra var den forventa levealderen til menn 45 år. Spedborn og småborn var spesielt utsett for dødsfall; på byrjinga av 1900-talet døydde ein av fire nyfødde før han var fylt året, den andre levde til ungdomsåra, og berre to levde opp til vaksen alder.

Kikhoste, lungebetennelse og bronkitt førte til flest dødsfall blant små born under eitt år. Sjukdomar som skuldast feilernæring, dårleg hygiene og infeksjonar var utbreidd tidleg på 1900-talet. Etterkvart som kunnskapen om hygiene og ernæring auka, og om korleis sjukdomane smitta, sank dødeligheita betrakteleg.

 

 

Mødrenes frelser

Ikkje minst gjaldt det mødredødeligheita. Legane på 1800-talet hadde ingen kunnskap om bakterier og hygiene, så dei gjekk rett frå lik til fødslar, utan å vaska hendene. Rundt århundreskiftet utgjorde sjukdomar under svangerskap og fødsel kring halvparten av alle dødsfall blant kvinner i aldersgruppa 15–40 år. Reduksjonen i mødredødelegheit skuldast først og framst betra hygieniske forhold under svangerskap og fødsel. Den ungarske legen Ignaz Semmelweis var den første som fann samanhangen mellom høg dødelegheit og mangel på hygiene på 1800-talet. Han har seinare fått tittelen «mødrenes frelser» fordi han med å  bruka enkel håndvask fekk dødelegheita blant nybakte mødre til å gå kraftig tilbake.

Han fekk aldri omvendt den etablerte legeverda så lenge han levde, sjølv om ein del valgte å følgja rådet. I dag er dette noko dei aller fleste veit om og håndvask blir anbefalt av Folkehelseinstituttet som eit av dei viktigaste tiltaka mot spreiing av virus og bakterier.

 

Epidemiar i våre dagar

Virus og bakterier er ein del av kvardagen i heile verda. Nokre er farlegare og meir aggressive enn andre. Historia viser at god hygiene og isolering er det mest effektive middelet mot smittespreiing før ein klarer å finna vaksiner mot viruset. Når det gjeld bakterier, er det oppdaginga av antibiotika og penicillin som har redda liv.

 

Covid-19 - Korona 

Korona-viruset held verda i sjakk no i 2020,  med karantene av einskilde personar, bydelar, heile byar, eller land. Forskarar og legemiddelindustrien arbeidar på spreng for å finna vaksinen som skal få verda tilbake til den vanlege kvardagen.  I dag gjer vaksinar og antibiotika at vi klarer å halda oss i live nesten dobbelt så lenge som våre forfedre.

 

 

 

Ei gruppe menn med gassmasker på 1940-talet Utprøving av gassmasker på 1940-talet. Foto: Ottar Christensen, Kraftmuseet arkiv.

 

 

Kjelder:

Olav Kolltveit si bygdebok Odda, Ullensvang, Kinsarvik i gamal og ny tid frå 1962

O. Olafsen: Ullensvang. En historisk-topografisk-statistisk beskrivelse af Ullensvang Herred frå 1907

Store norske leksikon

Kraftmuseet arkiv


 

 

 

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no