NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Brakker og brakkesjuka

Då anleggsarbeidet starta i Tyssedal i 1906, var det ikkje vanskeleg å skaffa arbeidskraft. Anleggsarbeidarar strøymde til frå heile landet, mellom anna frå Gravhalstunellen på Bergensbanen som vart fullført på den tida.

Anleggsarbeidarane

Omstreifande anleggsarbeidarar vart kalla rallar, slusk, eller bus (sjå forklaring nedst i art.). Dei bygde jernbanelinjer, vegar, industrianlegg, eller blei hyra inn som gruvearbeidarar. Ordet rallar kjem frå det svenske ordet ralla, som var ei rullande vogn, eller trillebår. Dei som arbeidde på dei forskjellege anlegga var ofta svenskar. Den eigentlege rallartida varte i Norge frå 1870- til 1920-talet. Yrkesrolla blir rekna som eit norsk og svensk særfenomen i ei tid prega av omfattande industrialisering, utbygging av kommunikasjonar og store investeringar i begge land.

Rallaren reiste frå anlegg til anlegg, både på landsbygda og i vill natur, og blei ofta avsondra frå samfunnet ellers. Det førte til ein eigen kultur innad i det mannsdominerte miljøet.

 

Rallar og slusk  kom med dampskipsbåten inn til Odda, eller til fots over Haukeli og Hardangervidda. Dei var sterke og uthaldande arbeidarar, og lette å kjenna att med sine svarte filthattar, fargerike halstørkle, kvite skjortesnippar og mørke, slitte dressar, snus under leppa og banning på svensk. Svensk var rallarspråket, anten dei var svenske eller ikkje.

Anleggsarbeidarar i Skjeggedal i 1914. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Anleggsbrakkene

Anleggsarbeidarane vart innlosjerte i nyoppførte brakker, som ganske snart var overfylte. Dei som ikkje fekk plass i brakkene, budde under overheng i steinrøyser i dei bratte fjellsidene.

Dei fleste brakkene låg i Skjeggedal og Tyssedal, og to arbeidarar måtte dela ei seng - ein sov mens den andre arbeidde. I Tyssedal skulle ei fjellside med 60 graders helling på det brattaste reinskast og gjerast klar for dei store røyra som skulle frakta vatn ned til kraftstasjonen. Arbeidet var tungt og farleg. På staden der fordelingsbassenget skulle skytast ut av fjellet, var ein liten flate dei kalla «Sletta». Der, på kanten av stupet, knappe 500 høgdemeter over fjorden, blei det sett opp to rekker med brakker for arbeidsfolka som arbeidde med anlegget i fjellsida, kraftstasjonen og den nedre del av røyrgata.

Brakker på Oksla over Lilletopp i 1907 Ei av brakkene på Lilletopp i februar 1907. Foto: AS Tyssefaldene, Kraftmuseet arkiv

 

Ved utløpet av elva nede i Tyssedal, blei det sett opp ei spisebrakke og eit kombinert kontorbygg og messe bygd i to etasjar. Med dei naudsynte lagerromma, utgjorde det heile busetnaden, der også ingeniørane hadde husrom.

Etter kvart blei det sett opp brakker over alt, og dei fekk namn som Svenskebrakka, Pappbrakka, Bondebrakka, Danskebrakka og Tyfusbrakka.

 

Pappbrakka var den første, den var av limt ullpapp som var panelt innvendig. Utvendig var ho impregnert med steinkoltjøre og sidan kvitmåla. Materialet tolte ikkje regnet så godt. Dei tre Danskebrakkene fekk namnet fordi dei var bygde etter ein dansk teknikk med lemseksjonar som inneheldt eit fingertjukt sivgras som gav ein viss varmeisolasjon. Svenskebrakka fekk namnet fordi det budde mange svenskar der. Tyfusbrakka vart kalla det etter at to arbeidarar hadde fått tyfus og heile brakka måtte røykleggast for å få vekk smitte.

 

I brakkene var vegglusa den verste plaga. Oppsynsmann Anders Gavle, som var født og oppvaksen i Skjeggedal, fortel at for å halda lusa borte frå sengene, plasserte dei sengebeina i tørrmjølkboksar fylde med parafin. Men lusa visste råd, ho vandra opp langs veggene, kraup ut i taket og sleppte seg ned i senga. Gavle fortel òg at då brakkene vart rivne, fann dei lagvis av luseskjelett bak veggpanelet.

 

Flest folk var det i Bondebrakka, der seksti mann delte tretti senger. Dette var den brakka som var minst plaga med lus og lopper. Her budde bondesønene og to kokkelag, og her regjerte anleggskokka «Mor Norge». Ho førte eit strengt regime, og kravde reinsemd og god hygiene. Ingen fekk setta seg til bords før dei hadde vaska seg.

Brakker foran Ringedalsdammen i Skjeggedal i 1914 Brakker foran Ringedalsdammen i Skjeggedal i 1914. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Løna til rallarane var god, om lag det ti-doble av kva dei klarte å tena i landbruket. Etter ein hard og krevjande arbeidsdag som stort sett varte i 10-12 timar, hadde rallarane også litt fritid. Då spela dei poker, snusa og drakk brennevin. Det gjekk ikkje alltid fredeleg føre seg.

«Klondyke-miljøet» i Tyssedal og Odda trakk dei såkalla brennevins-gaukane og andre seljarar til seg som mygg til lyset. Ein laurdagskveld ville nokre svenske og sveitsiske montørar som budde i eit hus dei kalla «Babylon», ha seg ein fest. Ein brennevinsgauk kom seg inn på festen for å selja spriten sin. Dei festglade montørane fann fort ut at brennevinet han selde hadde for liten prosentsats, og det kom til ein slåsskamp der gauken brukte kniv og stakk ned ein av rallarane.  Han blei etter kvart overmanna, og teken hand om av politiet. Dei frakta han med båt frå Tyssedal til arresten i Odda. Den skadde montøren vart behandla, men nekta å melda gjerningsmannen, så det kom ikkje til nokon tiltale.

 

I Odda i Manns Minne nr. 19 fortel Gustav Adolf Andersen ”Doffen” om tilhøva i Skjeggedal medan dei bygde Ringedalsdammen: 

Vi var 32 mann på rommet, men det var ikkje meir enn 16 køyer. Så vi måtte ligga to i kvar køye. Eg kom hit i 1915, midt under den fyrste verdskrigen. Difor var det mykje gjennomtrekk av arbeidarar. Avvekslande var det, for du visste aldri kven du fekk til sengekompis om kvelden. Det året eg var der, var det mellom 400 og 450 mann som låg der oppe. Det var all slags fagfolk – murarar og steinhoggarar.  Eg hadde arbeidet mitt i ura – tok ut prosentstein til dammen. Vi var seks mann på borelaget. Det var tungt, og slett ikkje ufårleg. Eg hugser enno ei av ulukkene; den hende ein sundagsmorgon. Eit overheng som hadde forma seg i ura måtte takast ned, noko som hende ofte. Eit fårleg arbeid då det ofte berre var småstein som heldt det heile oppe. Denne sundagsmorgonen var det ein svensk skytebas og ein annan kar som skulle ta ned eit slikt overheng, og svensken var litt uforsiktig – han gjekk og slo bort steinane med ein jernstokk. Den andre karen ba han om å la det vera fordi han kunne komma borti ein slik lås. Men svensken høyrde ikkje på det. Og så var det nett det som hende, og dei to karane fekk heile overhenget over seg. Svensken var ferdig med ein gong, den andre klarte seg så vidt. Det var den einaste dødsulukka som var på anlegga medan eg var der. Det var fleire andre ulukker med beinbrot og liknande. Noko anna var vel ikkje å venta på ein slik arbeidsplass.

Ellers var det ikkje noke å seia på arbeidsvilkåra. Vi hadde 8 timars dag og bra betaling, 7-8 kroner dagen. Det var ein svært god ånd oss arbeidskameratar imellom, solidariteten stod høgt i kurs. Det meste av fritida gjekk med til kortspel. Det var ikkje så mykje å gjera i Skjeggedal. I helgene gjekk vi ned til Tyssedal og tok båten inn til Odda. Der vi festa og laga liv, mest litt for mykje av det gode.

 

 

Skribent Olaves Steinpokker skriv i 1948 om rallaren Olaussen:

Den svenske rallaren Olaussen hadde vore på fest på ein av sine berykta Odda-turar då han stabba opp ei høg trapp i Brakkebyen. Då han var komen til topps tok han overbalanse og gjekk kast i kast ned trappa til han traff harda fjellet. – No slo han seg kvekk i hjel, sa ein, og sprang til. Han låg der som livlaus. Nokon løfta han halvvegs opp, Olaussen sa: - Tusan så hardt det var. Så stabba han vekk.

Direktøren for anlegget syntes ikkje så veldig om denne festinga, og henta inn Olaussen for å seie i frå at det måtte bli ein slutt på at dei drakk så mykje og så ofta. Sjølv hadde direktøren ei kona som også drakk litt for mykje, litt for ofta.

“Vet ni varför gaterna i Jerusalem er så rena?” “Nei”, svara direktøren. “Det er fördi alla feier för sin egen dør!”, sa Olaussen og gjekk.

Frå anleggstida i Tyssedal Anleggsarbeidarar og ingeniørar på kraftanlegget i Tyssedal i 1907. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Brakker

Anleggsbrakkene var enkle hus, bygd for arbeidarar som ikkje skulle bli verande lenge. Det var vanleg at 6-7 mann budde på om  lag 12 kvadratmeter. Rommet blei brukt til å koka, sova, skifta og tørka klede i. Som regel sov dei i køyesenger, ofta to mann i kvar seng med ein meter breidde. Innelufta var som regel stinn av sure, dampande klede, sveitte kroppar og matos. I tillegg til lus og lopper, var ein også plaga med kakerlakkar. Maten var heller ikkje alltid god. Ein svensk rallar som arbeidde på dammen i Skjeggedal fortalde:

 

Det var et dårlig anlegg, dårlig kost og dårlig fortjenst. Man fick maten från Bergen, og kjøttet og flesket var råttent då det kom fram. Vi klagade til ingeniøren, och han kom for at se på det. "Det er det fineste kjøtt i verden, og man får ikke klage på det" sa han. "Jag skal visa deg hur fint det er" sa jag og tog et kjøttstyke och slog honom i skallen. Det var inte min mening att gjøra det, men det blev så likavel. Ingeniøren tog fram en revolver och siktade den mot meg. "Legg bort den leksaken" sa jag "du kan inte bruka han likavel". Nu fick jag sparken efter femtitvå timmar i Skjeggedal. Før jag reste før godt, satte jag handelsmannen oppi smørdunken, smøret var inte heller bra.

Frå boka: Før, etter og under industrialiseringa av Finn Skagen

 

Kvinner og born framføre vaskehuset i Brakkebyen i 1931 Kvinner og born framføre vaskehuset i brakkebyen i 1931. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Nokre av rallarane slo seg likevel til ro i Tyssedal. Dei stifta familiar og befolka Tyssedal med svenske etternamn og sørga for at dialekta på staden blei endra for alltid. Derfor blei det etter kvart også bygd brakker for familiar. Desse skulle også berre vera midlertidige, men blei ståande til etter andre verdskrig. Du kan lesa meir om dei i artikkelen om brakkebyen av Vidar Våde, som sjølv var fødd og vokste opp der.

 

Renhårig slusk

Slusk var profesjonelle anleggsarbeidarar frå tida før 1. verdskrig. Det var dei rotlause som aldri slo seg ned lenge på ein stad. Enkelte gruvearbeidarar blei også kalla slusk. I byrjinga var det nok eit skjellsord, men arbeidarane tok det sjølve opp og bruka det med stoltheit som yrkesnamn. 

Renhårig er eit rosande adjektiv, omtrent det same som real. Blei brukt om ein som skyr krokvegar og foraktar gjerrigheit, ein som syng ut når han har noko på hjarta. Han går ikkje av vegen for eit slagsmål, men er gavmild så sant ein ikkje har gjort seg fortent til det motsette.

 

Rallar var den svenske betegnelsen for slusk, og slo aldri heilt gjennom i Norge – ikkje før rallarvisene blei populære utenfor arbeidarane sine eigne kretsar. Norske anleggsarbeidarar brukte «Renhårig slusk» om seg sjølve.

Bus er det same som slusk.

Kjelder:

Olav Kolltveit, Bygdesoga

Boka "Dei finaste band"

Boka "Tyssefaldende, Krafttak i 100 år" av Jan Gravdal og Vidar Våde

Skribent Olaves Steinpokker

Odda Mållag sine bøker "Odda i manns minne"

Boka "Odda før, under og etter industrialiseringa"  av Finn Skagen

Kraftmuseet arkiv

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no