NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Arbeidarboligane i Odda

Midt i Odda sentrum ligg arbeidarboligane som vert forvalta av Kraftmuseet. Det grøne, gule og raude huset over gata til murboligen, høyrer saman med museumshagen med til anlegget.

Oversikt over Folgefonngata

Museumsanlegget og Murboligen. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet 

 

Kraftmuseet si avdeling i Folgefonngata i Odda sentrum består av fem hus, Folgefonngata 9, 11 og 13 og to uthus. Uthuset som høyrer til Folgefonngata 9 er biletspelsal og møtelokale. Leilegheitene er innreia i autentisk stil frå åra 1910, 1920, 1930 og 1950. Biletspelet "Borna på Bakke" av Randi Storaas fortel om korleis det var å veksa opp i Odda under industrireisinga. 

 

 

Utsnitt av Borna på Bakke 

  

 

Vår i Folgefonngata  Vår i hagen til familien Abelsen. Foto: Kraftmuseet arkiv 

 

 

Gunn Honve, Arne Johansen og Tom Kleppe på trappa i Folgefonngata13 kring 1940

 Gunn Honve, Arne Johansen og Tom Kleppe på trappa i Folgefonngata13 kring 1940. Foto: Kraftmuseet arkiv                                                            

 

Gjengen frå Kleivavika med skobesparing under solane i 1924 Gjengen frå Kleivavika med skobesparing under solane i 1924. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Leilegheitane i Folgefonngata er eit vitnesbyrd om levde liv: lagnader, hardt arbeid, livsmot og trua på framtida. Anlegget var det første store restaureringsprosjektet museet gjennomførte. 

 

Leiligheit frå 1920  Leilegheit frå 1920. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

Arbeidarboligane i Folgefonngata I leilegheita frå 1910 budde Karl Andreas og Guri med to born. Murboligen stod ferdig i 1914. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet 


 

I dag vert husa i hovudsak brukt til undervisning og arrangement. Museet tilbyr omvising etter avtale. Hagen er open for alle.

 

 

Arbeidarboligane i Folgefonngata 9 til 13 Folgefonngata - tidlegare Dr. Boyds gate. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

Omvising i Folgefonngata Omvising i museumshagen og arbeiderboligane. Foto: Anne Gravdal, Krafmuseet

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no