NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Fliseguten Rasmus Sandvik

Rasmus Sandvik (1897-1980) frå Kinsarvik var "flisegut" då dei bygde kraftstasjon i Kinsarvik. I 1915 fekk han og kameraten hans Torstein Huse, jobb som "flisegutar" i Ålvik.

Førespurnaden kom frå ingeniør Bauman som sjølv blei tilsett ved A/S Bjølvefossen vinteren 1915.  I januar 1916 reiste gutane til Ålvik. Rundt 100 mann arbeidde med å bygga tomta til kraftstasjonen, legge røyrgata og slå ein tunnel oppe i fjellet.

"Torstein og eg var med på stikking og nivellering av røyrgata. Me budde i brakke 5, godt halvvegs oppe i lia. Nedanfor skulle røyrgata gå i ein stor fjellskjæring, ovanfor gjekk ho i 'stigort', ein tunnel som går oppover. Om lag 30-40 mann budde i brakka som hadde både kokke og brakkesjef. Me låg i små, smale 6-manns rom med 2 køyer i høgda.

 

Lasarettet i Ålvik i 1918. Foto: Hardanger og Voss Museum

 

 

Eg kan ikkje seia at eg likte meg, korkje med brakkelivet eller med arbeidet. Mykje av arbeidet vårt var inne i stigorta. Den gjekk bratt oppover, og kvar gong dei skaut ei salve oppe i øvste enden, rasa steinskreda nedover og reiv ofte med seg både retnings- og høgdemerke. Deretter var det for oppsynsmannen og oss flisegutane å setje dei oppatt. Det var ikkje så vanskeleg med høgdemerka - dei bora me hol for i tunnelveggen. Det var verre med retningane, dei laut borast inn i tunneltaket. Ein måtte slå engelskmann som det vart kalla; Å halda boren over hovudet og slå oppover med feiselen. Mest røynte det på venstrearmen og handa som heldt boren. Eg hugsar enno kor eg bala for å få til hol på 3-4 cm, der sette eg inn ein trepropp med spikar i, til feste for retningssnora. Det hende at me fekk ein av arbeidarane til å gjera det arbeidet, han slo holet på kort tid. Men helst måtte me gjera det sjølve.

 

Heile stigorta var 110 m om eg hugsar rett, og det vart verre for oss å arbeida etter kvart som karane sprengde seg oppover. Først var det berre handboring, men snart tok dei til med maskinboring. Kompressoren stod utanfor, tilsides for opninga av stigorta, og så gjekk det røyr med trykkluft til boremaskinene. Det gjekk og røyr med trykkluft til viftene som skulle blåsa dynamittrøyken - ladden - ut or stigorta. Men røyrene låg nede i botnen, vart ofte skadde av steinskredene og virka ikkje. Då stod ladden tjukk som skodde i øvste enden. Dei karane som dreiv med boring og skjoting arbeidde på skift, og salvene vart fyrte av i slutten på skiftet. Var viftene i ustand etter steinsprenginga, hende det at neste skift nekta å gå inn før det var ordna. Dette vart godteke av oppsynsmann og ingeniør, alle var redde for ladden. Dei einaste det ikkje gjaldt for var oppsynsmann og flisegutane...me måtte inn og  merka om ladden var aldri så tjukk.

 

Sprenginsarbeid i røyrgata 20. februar 1914. Foto: NVIM arkiv

 

Ein annan ting var og uhyggeleg; inne i stigorta var det lause steinar i taket. Arbeidslaget ordna alltid godt opp i taket etter ei salve, men det hende likevel fleire gonger at det losna steinar lenger nede enn der dei arbeidde. Ingen av oss vart råka, men det var utrygt likevel, ein kunne aldri vita når steinen kom.

Det var ikkje stort likare då me arbeidde i storskjæringa nedanfor . Der var så stupbratt at me hang i tog når me skulle setja opp merka. Det var bygd ein svær tømmerskjerm ovanfor som skulle leia steinrasa frå stigorta ut til den eine sida. Men det hende rett som det var at ein stein hoppa over skjermen og kom beint ned mot Storskjæringa. Eg hugsar eit par gonger at der kom stein. Me heldt auga med kanten av skjermen og prøvde å slengja oss til side. Me klarte oss, men ein flisegut som kom etter oss vart skamslegen av ein slik stein. Han fekk store skader i hovudet og vart funksjonshemma dei åra han levde etterpå.

 

 

 

Frå sprengingsabeid i røyrgata 10. mai 1914. Foto: NVIM arkiv

 

 

Frampå våren flytte me frå brakke 5 til brakke 7 som låg lenger oppe på fjellet. Det var trivelegare der oppe, ikkje var me så mange på brakka heller. Der røyrgata skulle gå låg snøen framleis høg. Noko av det fyrste arbeidet vårt var difor å spreie jord utover snøen. Jorda vart send med togbana nede frå stasjonstomta. Det var utroleg kor fort det verka, snøen seig så fort at me såg dagamon. 

 

Det hende ei stygg ulukke medan me arbeidde der. Eit lag arbeidde i ei fjellskjæring ca. 100 m ovanfor brakka. Dei hadde vore nede i brakka til middag og var nett byrja arbeidet. Dei skulle til å skyta, ein av karane tok dynamitten og gjekk bort i smia som låg ca. 50 m frå skjæringa og skulle tina den opp. Dynamitten vart alltid tina i varmt vatn, så han tok eit spann som stod der. Det låg noko is i botnen og han fylte det med snø og sette det i avlen. Ei lita stund etter kom eksplosjonen. Han som hadde stelt med dynamitten fekk ein stein gjennom bringa men klarte likevel springa bort til skjæringa før han stupte død ned. Ein annan som var i smia nett då fekk splintar av spannet i andlet og kropp. Me flisegutane hadde vorte verande i smia då dei andre gjekk, og sprang oppover då me høyrde smellen. Me møtte fire karar som kom berande med den såra, den døde låg att der han stupte. Den såra vart send med togbana ned til bygda der doktor tok hand om han og sende han til Bergen med båten. Merkeleg nok kom han frå det utan varige skader, anna enn stygge arr i andletet. Dei meinte at grunnen til ulukka var at det hadde lege noko dynamitt att i botnen på det frosne spannet, og då den kom i varmen eksploderte den.

Det hende endå ei dødsulukke medan me budde der - i tunnelen inn til fordelingsbassenget på toppen. Dei skulle skyta ei salve, karane hadde gått ut og stod utanfor tunnelen. Det gjekk lenge før det small, ein av karane meinte det måtte vera feil med lunta og gjekk inn i tunnelen for å sjå etter. Då kom det fyrste skotet. Ein av dei andre sprang inn og reiv dei brennande luntene ut or dei andre hola. Han som hadde gått inn først, låg der død.

Begge desse som miste livet var vante arbeidarar, og dei var vel kjende med dynamitt og lunte og begge handla mot forskriftene. Det skulle alltid undersøkjast om det låg dynamitt att i spannet før ein sette det i varmen, og ein skulle aldri gå inn i tunnelen før det var gått minst eit kvarter.

Desse ulukkene gjorde eit djupt inntrykk på alle som arbeidde på fjellet, og ikkje minst på oss unggutane. Det gjorde vel og sitt til at eg slutta i førstninga av juni. Den direkte orsaka var elles storstreiken då alt arbeid stogga både ved Bjølvefossen og andre anlegg.

Me hadde lite netto att av løna. Den var på kr. 4,50 for dagen, og av det måtte me betala kostpengar, kokkepengar og fagforeningskontingent. Eg var organisert i "Jord, stein og betong" dei månadane eg var i Ålvik.

 

Arbeidskarar i Ålvik på 1900-talet.

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no