Du er her:
  • Forside
  • Utstilling: Kampen om Alta

Utstilling: Kampen om Alta

Alta-utbygginga er ei lang og omstridt sak. Veldig mange har ei meining om utbygginga, sjølv 30 år etter at kraftverket kom i drift. No kan du sjå utstillinga "Kampen om Alta" på kraftmuseet. Utstillinga står plassert i kraftfulle omgjevnader i Tyssedal kraftstasjon, ope kvar dag frå kl 10 til 17.

I april 2018 opna NVE, Norsk Skogmuseum og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum ei utstilling om dette omstridte temaet. Den fysiske utstillinga såtr no i Tyssedal og blir verande til og med dokumentasjonskonferansen i september

 

 

 

Utstillinga er laga av museumsordninga til NVE, der NVIM og Norsk skogmuseum er faste samarbeidspartnarar. Vi starta arbeidet med utstillinga i 2017, 30 år etter at kraftverket vart sett i drift. 

 

Mykje er blitt sagt, skrive og formidla om Alta-saka i form av avisinnlegg, bøker, foto, dokumentarer, kunst og anna. Ulike miljøer og grupperingar har fortalt si historie. Den samiske rettighetskampen var avgjerande for den krafta saka fekk. Vi belyser dette i utstillinga, men det er ikkje hovudfokuset.

Utstillinga er ikkje forsking eller ein omfattande presentasjon av alle sider av saka, men inneheld ei mengd smakebitar fra arkiv og kjelder som ikkje er publisert før. Utstillinga prøver å nyansere og utdjupa ein del av norsk vassdrags- og energihistorie.

 

Nettutstillinga er ikkje statisk, vi vil fylle på med meir innhald etter opninga 24. april 2018. Nettutstillinga er også ein integrert del av den fysiske vandreutstillinga.

 

Altadammen
Altadammen ved Virdnejávri. Foto: Dag Endre Opedal/NVIM

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no