NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Forside
  • "Spænding opkjørt til Odda"

"Spænding opkjørt til Odda"

Etter kontrakten skulle AS Tyssefaldene levera straum til karbidfabrikken i Odda frå den 1. mai 1908. Det blei gjort eit forsøk den 1. mai .... 

..... men ikkje før den 4. lykkast det å levera straum til lys og motorar.

 

« - Spænding opkjørt til Odda - »

I første driftsprotokollen ved «Tysse Kraftstation» står det skrive den 4. Mai 1908:

«Kl. 7 form. blev spænding opkjørt til Odda med Generator No 5. Spænding 11700 Volt. Drift av Lys og Motorer i Odda.»

 

Vi fornemmer spenninga, både dei 11700 Volt og sveitteperlene i panna på ingeniørar og maskinistar i driftssentralen denne morgonen. Første steget i utnyttinga av vassmengdene i Tysso var fullført. Byggearbeidet tok til sommaren 1906 og på rekordtid var det bygd ein 50 m lang kraftstasjon med 6 aggregat. Det var lagt to 720 m lange røyrledningar i brattaste fjellet og med handamakt var det slått ein 3.4 km lang vasstunell frå Skjeggedal til eit fordelingsbasseng innsprengt i fjellet ovafor Tyssedal. Det var slått tappetunell frå Ringedalsvatnet bygd inntaksdam - og endeleg reist ei 7 km lang kraftlinje til den nybygde karbidfabrikken i Odda.

 

- Gamlebasen fortalte at det var mye striler som hadde tatt seg jobb da linja skulle bygges og strekkes. De sprang rundt i liene med tresko på beina. Du vet det var no ikke akkurat noe egna fottøy for terrenget her, seier Arild, men de fikk da mastene opp.

 

Arild Lauritsen arbeidde på A/S Tyssefaldene i 37 år, Asbjørn Hveem i 41. Få var betre kjende på den 7 km lange linja frå 1907-08, der ho slynger seg gjennom det bratte og fæle lendet. I Kvitura, halvvegs mellom Tyssedal og Odda, ligg steinblokker store som direktørboligar.

 

Kraftline frå Tyssedal til Odda i 1906-1908

Kratfline mellom Tyssedal og Odda. Foto: NVIM arkiv

 

Ferdigklinka stålmaster

 - Stålmastene blei transportert inn fjorden på store lektere, fortel Arild Lauritsen, de kom ferdigklinka. Innover i lia mot Odda måtte de sliske disse mastene oppover ved hjelp av tautaljer. Så hadde de også litt av et arbeid med å få utlagt material som de kunne dra disse mastene på.

 - Men du vet det blei ofte for tungt med bare ei talje, skyt Asbjørn Hveem inn. - Derfor måtte det settes ei ny firskoren talje på løperen, eller tampen som de drog i for å få masta oppover. Det må ha vært et forferdelig slit. Og så skulle det forskales og støypes fundament for mastene. All sanden og sementen måtte bæres på ryggen, for noen taubane fanst det ikke den gangen der inne. Endelig så skulle stålkonstruksjonen reises.

 

Arild og Asbjørn visste kva dei snakka om. Dei forklarde om strekk og masteavstand, kopartråd og aluminiumstråd med og utan stålkjerne, traversar og isolatorar i porselen og glas.

 

 

Overføring av kraft til Austlandet.

 - Da mastene vel var oppe skulle tråden strekkes, fortset Asbjørn, - og helt spesielt for denne gamle linja er den korte masteavstanden. Den første tida brukte de nemlig kobbertråd. Denne var svært tung og masteavstanden måtte bli kort. Nå gikk det ikke mange år før en gikk over til tråd i helaluminium, altså utan stålkjerne. Kort masteavstand var likevel nødvendig om ikke tråden skulle slitne. Til strekking av tråden brukte dei også tautaljer.

Ragnvald Blakstad hadde planer om å overføre kraft østover. Den gang de gamle linjene til Odda blei bygget så hadde de ikke kunnskap og erfaring med overføring av kraft over store avstander. Tapet ville blitt så stort at det ikke ville ha lønt seg. Dette var grunnen til at fabrikkene blei liggende i Odda. 

 

 

« - fra Tyssovassdraget til Østlandet - »

Ragnvald Blakstad, - eit sentralt namn i norsk vasskrafthistorie, både som pådrivar i  vidare utbygging av Tysso-vassdraget og gjennom lanseringa av tanken om «elektriske hovedgater».

 

I februar 1918 sender Blakstad eit forslag til Kongen om levering av 150.000 elektriske hestekrefter til Austlandet. Som forutsetning for gjennomføringa måtte Tyssefaldene få konsesjon på utbygging av Øvre Tysso, regulering av vatna i høgfjellet og kraftoverføringar frå Tyssedal til Kristiania. «Denne elektriske «Hovedvei» der tænkes bygget for en spænding på fjernledningen av 120.000 à 150.000 volt», skriv Blakstad - « blir at føre op Oddadalen forbi Seljestad, Røldal, Haukelidsæter og ut Vinje over Brunkeberg til Siljord. Derfra enten ut Bø over Næs og Saude til Kongsberg eller over Flatdal-Sauland og Hiterdal til Kongsberg-Kristiania.»

 

- På linja inn til Odda hadde vi et svare strev med rustbanking og maling. Og så hendte det ikke sjelden at steinsparng og andre ras ødela linja både tråden og isolatorene. Derfor så slo de krafttunell fra Tyssedal til Lindenes. Den tunnelen kom før det var vegforbindelse til Odda og ble faktisk brukt av folk som gikk stranda innover.

 

 

Kraftledning mellom "Verdens ende" og Lindenes i 1908 Kraftlina mellom "Verdens ende" og Lindenes. Foto: NVIM arkiv

 

I juli 1907 ga staten løyve til å byggja to kraftledningar med inntil 12 kV spenning frå Tyssedal til Odda. Det blei strukket ein nesten sju kilometer lang kraftledning langs Sørfjorden i ei bratt og rasfarleg fjellside der det aldri hadde vore veg. For å hindre at steinsprang og ras øydela liner og transformatorar, blei det slått ein lang tunnel for ledningane gjennom fjellet. På 1920-talet blei det kobla til sju sett med sjøkablar som førde kraft over Sørfjorden til Zink-fabrikken på Eitrheim. I tillegg blei det levert straum til allmenn forsyning i Odda, Tyssedal og Skjeggedal.

 

 

Tysso 1 kraftanlegg – oppstart 1908 og utdrag fra driftsrapport:

I årsberetninga for året 1908 for Tysso 1 kraftanlegg går det fram at ved årsskiftet 1907/1908 var 
dei vesentligaste arbeider fullført. I fyrste kvartal 1908 blei resterande arbeid fullført:

- Gjennomslag for reguleringstunnel ved Ringedalsvatn.

- Avstegningsmekanismer for fordelingsbassenget på Lilletopp.

- Montasje av ca. halvdelen av rørgate 1 og 2.

- Montasje av generatorene i kraftstasjonen.

- Påsetning av isolatorer.

- Strekning av ledning for kraftoverføring fra Tyssedal til karbidsmelteverket i Odda.

 

”Disse arbeider var i hovedsagen avsluttende i løbet af april mnd. Den 24.april paabegyndtes fyldning av rørledning no. 1.

”Kraftleveransen til Odda tog sin begynnelse som prøvedrift 1.mai, men maatte paa grund af uheld med den ene generator stoppe i nogle dage”.

 

 

Brettet i Tysso I

Produksjon og levering av elektrisk strøm var kontrollert frå instrument-tavlene eller "brettet". Slik såg det ut i 1908. Foto: NVIM arkiv

 

I originalrapporten heiter det:

”4.mai 2008: Kl. 7 f.m. blev spænding opkjørt til Odda med Generator No 5. Spænding 11700Volt. Drift af Lys og Motorer i Odda".

 

Dette biletet er frå interiøret i Tysso I, frå då kraftverket først kom i gang. Biletet syner ein turbin med regulator. Dei første åra hadde dei 6 aggregat med turbinar av denne typen. Til venstre på biletet ser vi Christian Gripp (1887-1936), som var elektrikar i Odda, medan mannen til høgre er ukjend. Regulatoren til turbinen er ein pendelregulator. Desse finn vi ikkje lenger i Tysso I. Dei vart skifta ut og turbinane moderniserte.

Foto: NVIM arkiv

 

 

 




Kjelder:

NVIM intervju mellom tidlegare arbeidarar ved AS Tyssefaldene og fagkonsulent ved NVIM - Brita Jordal

NVE si bok; Kraftoverføringens kulturminner

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no