Du er her:

NVIM styrkjer laget

Museet har tilsett Åsne Dolve Meyer som formidlingsleiar og leiar for avdelinga for formidling, dokumentasjon, forsking og samling. Signe Bondhus-Jensen er tilsett som museumspedagog og leiar for Odda vitensenter.

 

Åsne Dolve Meyer

 

Åsne Dolve Meyer (43) er utdanna arkeolog, og har brei erfaring innan arbeid med forvalting av kulturminne. Dolve Meyer er fødd i Odda, men har for det meste budd andre stader, og frå 2013-17 i Ny-Ålesund på Svalbard der ho var rådgjevar for Kings Bay AS og del av leiargruppa der.

 

 

Signe Bondhus-Jensen

Signe Bondhus-Jensen (36) frå Mauranger har bakgrunn som realfaglærar, og har dei siste åra jobba som prosjektleiar for Ungt Entreprenørskap Hardanger. I tillegg til lærarutdanning har ho også utdanning innan økonomi og administrasjon.

 

 

Med desse tilsettingane får museet ei kraftig styrking av formidlingsarbeidet og andre museumsfaglege funksjonar. Både Dolve Meyer og Bondhus-Jensen er i gang på museet før sommaren.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no