Du er her:

NVIM blir Kraftmuseet

Vi har ei kraftfull kunngjering: Museet endrar namn til Kraftmuseet. Med det seier vi klart og tydeleg at dette er eit museum som handlar OM kraft, og at det er eit museum MED kraft.

Ein engasjerande prosess internt førte til eit samrøystes vedtak i styret. Styret la vekt på at vi med dette får eit tydelegare og kortare namn, eit som er lett å huska og som uttrykker identitet. 

Vi hadde med oss namnekonsulent Øyvind Boska i prosessen. Han seier: «Kraftmuseet er eit forklarande og samstundes kraftfullt namn. Den munnlege forma gjer det folkeleg, upretensiøst og lite høgtflygande og akademisk. Det namnet seier, med glimt i auget, er at vi har noko kraftig og sterkt å by på. Kraftmuseet er kort, konsist og lettfatteleg.»

I det offisielle namnet er Norsk Vasskraft– og Industristadmuseum med som undertittel. I det daglege er det berre Kraftmuseet som vil bli brukt. 

Endringa vil slå til for fullt utpå hausten, når alle offentlege formalitetar er på plass. Men dei som ringjer til museet no framover, vil nok bli møtt med ei venleg stemme som seier «Kraftmuseet».

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no