NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:

Kven drap Dr. P?

Forsvinninga til Albert Petersson i 1914 er ein historisk verkebyll. Museet har sett ei cold case-gruppe på den uløyste saka.

Av Knut Markhus

 

Kjærleik og sorg: Dr. Albert Petersson saman med kona Leonie, som døydde fire år før han.  Foto: NVIM arkiv.

 

Museet driv ikkje berre forsking - men også etterforsking. Og personen i sentrum for etterforskinga er ingen kven som helst. Dr. Albert Petersson blir kalla det moderne Odda sin far.

 

 

Den siste båtturen

Kvelden 18. august 1914 går Albert Petersson (44 år) til kaien i Odda og ombord på rutebåten D/S Ullensvang. Han skal til Bergen, og vidare til London der hovudkontoret til Odda-fabrikkane ligg. Då båten kjem til Bergen neste morgon, er Petersson borte.

Sjøforklaringa fortel om eit plask midt på natta. Kapteinen hadde stoppa båten, og konstatert at dr. Petersson mangla om bord. Mannskapet søkte i den mørke sjøen utan resultat. Båten gjekk vidare.

 

 

Båten D/S Ullensvang Siste tur: Det var frå denne båten, D/S Ullensvang, dr. Petersson forsvann natt til 19. august 1914. Foto: NVIM arkiv

 

 

 

Lokal patriark, internasjonal kapasitet

 

Albert Petersson var den mest sentrale personen i industrireisinga i Odda tidleg på 1900-talet. Svensken kom til bygda i 1906, og bygde opp tvillingfabrikkane Alby United Carbide Factories og North Western Cyanamide Company - som seinare blei samla til Odda Smelteverk. Han var både direktør og medeigar.

Petersson hadde doktorgrad frå universitetet i Zürich, og var ein internasjonal kapasitet innan elektrokjemisk industri. Før han kom til Odda, hadde han hatt toppjobbar i Sveits, Frankrike og Italia. Han var ein del av det internasjonale spelet, og då han i 1906 gifta seg med Leonie Witt fekk han den mektige, tyske kjemiprofessoren Otto Witt til svigerfar.

I Odda blei Petersson patriark også utanfor fabrikkportane. Det finst berre éi gate i Odda som ber namnet til ein person: Albert Peterssons veg.

 

Karbidsmelteovner Eksplosiv historie: Frå 1918 vart Odda smelteverk ein del av det internasjonale krigsspelet, tett knytt til britisk våpenindustri. Foto:NVIM arkiv

 

Cold case-gruppa

 

Kva skjedde på båtturen den skjebnesvangre natta? Det er spørsmålet NVIM si cold case-gruppe jobbar med. Gruppa inneheld museumsfolk og dyktige frivillige. Me har med den tidlegare tekniske direktøren på Odda Smelteverk, ein gravande journalist og ein tidlegare politimann. Dokumentasjonsavdelinga til museet deltek, og etterorskinga er leia av museumsdirektøren.

Det finst tre opplagte teoriar for kva som skjedde. Desse tek utgangspunkt i at dr. Petersson døydde denne natta, sjølv om han aldri vart funnen: Han ramla i fjorden ved eit uhell. Han tok sitt eige liv ved å hoppa i fjorden. Nokon tok livet av han.

 

Uhell, sjølvdrap eller mord?

 

Me kan ikkje utelukka at det var eit uhell. Men båten var trygg, vêret var fint og plasket kom midt på natta. Cold case-gruppa er tvilande til at dette er svaret.

Kan det ha vore eit sjølvdrap? Mange trur nettopp det. Fleire av avisene den gongen sa det mellom linjene. Men me finn ingen vitnemål om at nokon har sett det skje. Me veit at dr. Petersson hadde ting å stri med. Leonie hadde døydd i barsel fire år tidlegare. Fabrikken var i store vanskar. Utbrotet av første verdskrigen gav ei likviditetskrise som gjorde at hundrevis av arbeidarar mista jobben.

Men Albert Petersson hadde to små born heime, og det er sannsynleg at målet hans med turen var å ordna opp i dei økonomiske problema. Og me kjem stadig tilbake til at ingen såg han hoppa. Det låg ikkje igjen noko avskjedsbrev. Moglegheita er der for at det finst eit anna, og dramatisk, svar.

 

Drapsetterforsking som grep

 

Kven kan ha hatt motiv for å myrda dr, Petersson? Spørsmålet gjev ein interssant måte å jobba med historia på. Me veit at produkta frå Odda-fabrikkane var ettertrakta av våpenindustrien, men kor ettertrakta? Petersson hadde ein fot i England, ein i Tyskland. Kor ille var det i krigssituasjonen? Me har funne skriv som tyder på at det like før forsvinninga oppstod ein konflikt mellom dr. Petersson og toppleiinga i London. Eit anna spor: Kor bitre var arbeidarane som mista jobben? Det var truleg nokre av dei på båten, for hundrevis reiste frå bygda desse dagane.

Cold case-gruppa er i fyr og flamme. Me jaktar på svar i arkiv, i Norge, Sverige og England. Prosjektet engasjerar breitt. NRK vil laga radiodokumentar. Me har skuleopplegg på gang, og det må bli utstilling. Me synst dette er ein ganske god utstillingstittel: Kven drap dr. P?

 

Artikkelen vart trykt i Museumsnytt nr. 4/ 2017

 

Artikkel i Bergens Tidende om cold case-gruppa

 

Frå artikkelen i BT september 2017.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no