Du er her:

Fossehelg og DNT-jubileum

Helga 24. - 26. august blir det fossefeiring og markering av Den Norske Turistforening sitt 150-årsjubileum i Tyssedal og Skjeggedal.

I 1920 svikta DNT naturvernet til fordel for industrien, og stakk av med pengane i staden. Kva skjedde? Kven kjempa?

Odda/Ullensvang turlag, Kraftmuseet, Trolltunga Active, og fosse-entusiast og DNT-medlem Ottar Skogseth står bak arrangementet.

 

Fredag 24. august vert det Fossekveld i Tyssedal kraftstasjon, med foredrag av Ottar Skogseth, musikalske innslag av Arne Jordan og Maria Digranes, film og foto. Vi tar òg ein kveldstur for å sjå på det nyrestaurerte DNT-merket ved den gamle turistvegen i Skjeggedal. Kraftmuseet avdukar ny informasjonstavle. 

 

Søndag 26. august vert det guida tur frå Ringedalsdammen til Tyssebotn i samarbeid med Ringedalsmarsjen, med overraskande innslag langs Ringedalsvatnet. Turen går på den tidlegare anleggsvegen, og ein kan gå så langt ein vil.

 

Parti av veien til Skjeggedal

Parti av den gamle turistvegen i Skjeggedal. Foto: K. Knudsen, Kraftmuseet sitt arkiv

 

Høgt spel om fossane

Historia om fossane i Skjeggedal/Ringedal er historia om sterke kjensler, målretta næringsinteresser, lobby, svik  og høgt spel. Forholdet mellom Den Norske Turistforening  og Tyssedal var lenge tett, men så blei det slutt. Fossane Tyssestrengene og Ringedalsfossen var det ettertrakta  attraksjonar for reiselivet, og var svært populære blant dei mange velståande turistane som fann vegen til Hardanger. Området var på DNT sin aktivitetsplan alt frå første år i 1868. DNT ville sørga for god turveg til naturopplevingane Tyssestrengene og Ringedalsfossen. Men fossane var òg ettertrakta kraftressursar og hard valuta for både DNT og AS Tyssefaldene. DNT kom til å svikta fossane for pengar.

 

Frå turisteventyr til industrieventyr
Alt for 150 år sidan var Odda eit stort reiselivsmål og kjent for å ha flest storslagne fossar i heile Europa. Den mest spektakulære ekspedisjonen frå Odda, var turen til Skjeggedal for å sjå den overveldande vakre Ringedalsfossen, ofte kalla  Skjeggedalsfossen - og den spesielle tvillingfossen Tyssestrengene.

 

Men Sjoarvegen mellom Tyssedal og Skjeggedal var vanskeleg og delvis farleg. DNT hadde som føremål ”å lette adgangen til naturskjønnhet” og starta derfor planlegging av ny veg alt i 1868. Vegingeniør Lars Hille, mannen som gav namn til Lars Hilles gate i Bergen,  vart sendt til Tyssedal for å planlegga ny turistveg. Først i 1898 var det pengar og vilje til starta arbeidet. Lokale reiselivsaktørar pressa då på, og i 1904 var vegen ferdig.

 

Kongar og keisarar og andre frå fjern og nær kom for å sjå fossane. DNT var med god grunn svært stolte av vegen, og på fjellveggen over Rjukandebotn fekk dei malt logoen sin. DNT hadde vore avgjerande for å få til prosjektet økonomisk, men lokale hotellfolk og grunneigarar  la òg ned ein stor innsats som dei fekk lite igjen for. Turisteventyret vart kort, for alt frå 1906 strøymde ingeniørar, rallarar og anleggsfolk opp turistvegen til Skjeggedal. Seinare pressa Tyssefaldene hardt på for å få hand om fossane som kraft.

 

Ringedalsfossen, frå Kraftmuseet sitt arkiv

 

Verdikampen om fossane
 
I 1898, for 120 år sidan og før investeringane i turistvegen starta, var det lagt ned eit stort stykke juridisk arbeid. DNT og lokale interesser hadde sørga for å bandlegga fossane med eit ”servitutt”, ein avtale om at fossane aldri skulle overlatast til industrielle formål og bli borte som turmål. Dette var truleg det første store naturverntiltaket i Norge. Men det skulle visa seg at den juridiske avtalen ikkje kom til å gjelda lenger enn til ein ny avtale kom på plass.

 

Etter press og lobby frigav generalforsamlinga i DNT fossane til utbygging i 1920, mot økonomisk kompensasjon. Bergen Turlag, Fylkesmannen og mange lokale aktørar sende inn protestar i forkant, og debatten var aktiv i avisene. Men servituttet vart oppheva. Etterpå vart det rettssak, men det endra ikkje konklusjonen. I  1967 forsvann fossane inn i tunellar og kraftstasjon, då var Tysso II-anlegget var ferdig utbygd.

 

Kampen om fossane i Tyssedalsfjellet var kanskje den første store naturvernkonflikten i Norge.  Ottar Skogseth har sett seg grundig inn i denne spennande historia. Kven var for og kven var imot å oppheva servituttet? Kva sto det i avisene? Korleis kunne eigentleg DNT snu i denne viktige saka? Dette vil bli grundig belyst i fossehelga i august.

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no