NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Forside
  • Det fyrste ikoniske foto av Trolltunga

Det fyrste ikoniske foto av Trolltunga

Ein sommardag i 1967 fekk Barthold Hagemann endeleg tatt det biletet han hadde venta på i 50 år.

Andreas Vodahl (87) på Trolltunga i 1967

Andreas Vodahl (87) på Trolltunga i 1967. Foto: Barthold Hagemann, NVIM arkiv

 

 

Som oppmålar for Oslo Lysverker hadde han tråkka rundt i dei ville fjella rundt Skjeggedal. Kamera hadde han alltid med seg. No var han blitt 78 år og det hasta. For om han skulle få teke det perfekta biletet, eit bilete der Ringedalsvatnet framleis lå utan svarte render, så var Barthold Hagemann redd det aldri ville komma til å skje.

 

Han og 87 år gamle Andreas Vodahl hadde gått til Reinaskor, dei hadde snakka om fjellet, om alle turane, om dei mange gangane han hadde teke bilete av Trolltunga, dette «geipet» som stakk ut frå fjellet. 

 

Trolltunga lå berre en liten halvtime borte. Men det var kveld og dei to prata ei stund før dei gjekk og la seg.

 

Grytidleg neste morgon sto dei opp. Kikka ut vindauga og Hagemann kjende seg glad.  Véret var nett slik han hadde drøymt om. Kameraten Andreas Vodahl var 87 år, men sprek som om han var 30 år yngre. Barthold Hagemann var frå Oslo. Andreas var fødd i Verdal, men hadde vært mange år i Tyssedal.

Dei to hadde god tid. Dei åt frokost og drølte litt.  Og når dei gjekk, så brukte dei god tid, for Barthold Hagemann ville at sola skulle stå på riktig plass på himmelen.

 

Då dei kom fram, gjekk  Andreas ut på Trolltunga og Barthold klatra ned i fjellsida litt nord for tunga. Han hadde sjølv lagt ein wire der, det var ikkje enkelt å væra fotograf, og det gjorde ikkje saken betre at han no var 78 år og stivare i leddene. Men han trøsta seg med at kompisen var 87 og satt ytterst på Trolltunga og dingla med beina med 350 meter fritt fall under seg, og 700 meter ned til Ringedalsvatnet.

 

"Eg hadde det fint, eg. Det var mykje verre for Barthold, han hang i den wiren sin og tok bilete". Fortalde Andreas Vodahl nokre år seinare. Då var han 92 år.

 

I eit intervju med Nrk i 1971 sa Andreas Vodahl: «Det var tredje gangen vi prøvde oss, men endelig skulle vi lykkes. Været var akkurat slik vi ville, med solskinn og klar himmel. Vi måtte få det til. Den er jo enestående den der Trolltunga».

 

I Haugesunds Avis fortalde Barthold Hagemann: «Jeg slo et borestål ned i en sprekk i fjellet og festet en kraftledning ned i borestålen. Så firte jeg meg ned til jeg hang i den rette posisjonen. Vodahl satt litt for langt inne på Trolltunga, så jeg ropte til han at han måtte komme seg lenger ut. Jeg ville ha beina ut i det fri. Vodahl akte seg lenger ut, så langt at jeg ble rent forskrekket».

 

Frå ein artikkel NRK hadde i 2016 kan vi lesa dette:

 

I 1971 skreiv journalist Jan Gravdal ein reportasje om historia bak bildet, og likte den så godt at han ville senda den inn til magasinet Vi Menn.

Men redaktøren der synest dei to gamlingane var altfor dumdristige og ville ikkje bruka reportasjen.

– Redaktøren ville ikkje lokka andre folk til å gjere det same og gå ut slik på tunga. Det er jo ganske morosamt med tanke på korleis det er i dag, legg Gravdal til og ler.

 

Barthold Hagemann 1927 Fotograf Barthold Hagemann i 1927. Foto: NVIM Arkiv

 

 

Andreas Vodahl Andreas Vodahl som ung mann på byrjinga av 1900-talet. Foto: NVIM Arkiv

 

 

Dei siste åra har Trolltunga blitt eit av dei mest fotograferte motiv i Norge, men det fyrste ikoniske biletet var det to eldre hardhausar som laga i 1967.

 

Kjelder: Jan Gravdal og NRK

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no