NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Historiar frå krigen

Den 8. mai 1945 var freden endeleg eit faktum, og litt etter kvart byrja det å dukka opp historiar om kva folk hadde opplevd.

I 1945 arrangerte politiet eit "bandittoverfall" i fengselet i Odda. Gestapo hadde slått ned på fire mann som høyrde til dei mest aktive i heimefrontarbeidet i Odda. Dei rekna Jakob Råen for å vera ein av hovudmennene her. Han vart utsett for den mest barbariske tortur. Det gjaldt å få han til å tilstå og til å gjeva opplysningar. Med armane låste i handjern på ryggen vart han heisa opp på veggen og hang slik i fyrst to timar, og då han framleis nekta alt vart han opphengd på ny, denne gong i tre timar. Dei andre i gruppa vart og pinte, men ikkje fullt så fælt.

 

Krig og fred i Odda

Heimefronten kompani III i Odda og Tyssedal foran Tyssedal Hotell i 1945. Foto:NVIM

 

Etter dette vart karane send ned i fengselet for å tenkja seg om. Alle skjøna at dei var i livsfåre, men kva kunne ein gjera for å hjelpa dei?

Då var det at politiet klekte ut planen å arrangera overfall på seg sjølve. Konstabel Halleråker baud seg til å vera over. Jakob Råen vart sett i einecelle og tyskarane ga strengt pålegg om å passe på denne "farlege brotsmannen". Utpå natta låste Halleråker opp for både Råen og dei andre fangane. Sjølv lot han seg bakbinda og knebla og vart innelåst i einecella. Fangane var fri og var snart i dekning i skogen.

Då det hadde gått ein times tid, aka Halleråker seg bort til ringjeapparatet og slo alarm. Vakta Førde "oppdaga" kva som hadde skjedd og ringde opp politimeister Røkke, som igjen varsla Gestapo. No var helvete laus. Gestaposjefen dro Halleråkers forteljing i tvil og spurde politimesteren om slikt kunne vera mogeleg. Politimesteren meinte at jau, det var så mykje slike kommunistbandar i Odda som var truande til slikt. 

Odda vart avsperra både til lands og til sjøs for å prøva å fanga rømlingane. Ingen rutebåt fekk gå og ingen fekk komma lengre inn enn til Espe i fleire dagar. Biltrafikken vart stoppa, telefon og telegraf sperra. Gestapo arresterte både menn og kvinner i mengdevis og det gjekk eit heilt fangeskip med gisler frå Odda til Bergen.

 

Det var mange som fekk svi, men fire menneskeliv var berga.  

 

 

Hitler som blink

Tyskarane okkuperte Hardanger Hotel. Dei hadde "rett" til å ta dei romma dei ville, så dei tok to salongar. Den største vende ut mot sjøen og den brukte dei til telegrafstasjon og kontor. Olga Hansen arbeidde på hotellet og måtte og stella for tyskarane. 

Ein dag kom Olga opp med kaffibrettet som ho brukte begge hendene på å bera. Døra var lukka og ho fekk henne ikkje opp. Ho spente i døra men det var ingen som høyrde det. Til slutt fekk ho den opp med albogen og der inne stod dei unge tyske offiserane med kastepiler. På veggen hang det eit bilete av Hitler som dei hadde teikna. Biletet vart brukt som blink..! Dei kvakk svært då ho kom inn og knytta nevane og sa at dersom ho nemnde det til nokon skulle dei hemna seg. Olga gjorde som ho ikkje merka noko.

Frå "Odda i manns minne" Nr. 14

Karikatur Hitler

 

 

Kanon i Reinsnos

Då tyskarane vart landsette i dei viktigaste byane i Norge i april 1940, vart dei ungdomane som hadde gjort militær teneste mobiliserte. Av dei som var att av vaksne menn på Dalane, vart nokre sett til å halda vakt på Håbru og Steinaberg bru i Skare. Ein dag kom ein lastebil til Tveit med ei kanon plassert i karmen. Kanona var produsert på Elswick Works i Newcastle og skal opphaveleg ha vore på eit marinefartøy. Det vart og sagt at den hadde vore i bruk under kampane ved Fossen Bratte på Kvamskogen.

 

Nokre karar på Tveit demonterte han og gøymde han i ei hole under Reinsnosvegen til krigen var over. Då tok dei han fram att, sette han saman og plasserte han i ein heller ved Reinsnosvegen ovanfor Tveit, der han står den dag i dag.

 

Kanon frå 2. verdenskrig i Skare

Johannes og Trond H. Heng, Gunnar Kili, Salm Tveit, Severin Andersen, Per Tveit i 1945. Foto: NVIM

 

Natta mellom 14. og 15. april vart det utført eit flyslepp i Reinsnosfjella. Eit par karar frå dalane og tre frå Odda tok imot sleppet og grov det ned i snøen der det vart liggjande til 9. mai då kring 20 mann frå bygda henta det heim. Det kunne dei då trygt gjera, for tyskarane hadde kapitulert og Norge var igjen eit fritt land.

 

Unge rebellar

Anna Freim Eriksen fortel om krigsåra på Freim i "Odda i manns minne". 

 

På vegen mellom Odda og Tyssedal køyrde ofte tyske soldatar store firehjulsvogner trekte av fleire hestar. Bror min Olav hengde seg bakpå ei slik vogn for moro skuld. Han vart oppdaga av den tyske vognføraren som stoppa hestane og vifta med bajonetten sin mot han. Olav som var 12 år den gongen, vart redd og sprang vekk frå vogna for ikkje å verta teken. Han kom seg heim, men redsla gjekk over til sinne. Han fann noko maling og ein kost i kjellaren og sprang til Haugen og malte H7-merket (kong Haakon den 7.) med stor skrift på ei trebru.

 

Avvæpna tyske soldatar bygde vegen til Freim. Før det var det berre ein kjerreveg. Vi borna var forvetne på det som hende. Soldatane fekk ertesuppe frå svære mjølkespann. Det lukta så godt at ein fekk lyst til å smaka. Fleire av tyskarane snakka godt norsk. Ein dag var det ein som stakk hovudet inn i kjøkkenvindauga vårt og spurde om å få salt til brødskiva si. På den tida hadde vi ei taus som ikkje var så skvetten av seg, og ho sa til han: "For det eg veit kan du vera Hitler!" Han hadde bart....og han tolde å høyra det. 

Etter at krigen var slutt og tyskarane reiste var det arresterte nazistar som bygde Freimsvegen ferdig. Dei kom i ein lukka lastebil og skuleborna fekk ofte sitja på med bilen ned til Odda.

 

Tyskarar i Hovden

Borgny Hagen Gjerde fortel om korleis det var å bu i Hovden under krigen.

 

Under krigen hadde mange i Hovden både gris og høns. Grisen ble alltid slaktet til jul, og mamma lagde både sylteflesk og syltelabber og ellers mye god mat av den. I krigstida flyttet også tyskere inn i huset. De okkuperte festkjelleren og tok seg til rette i et av rommene i leiligheten over vår. De hadde en sendestasjon rett over soverommet som jeg hadde. Tyskerne satte opp en kanonpå en av de store kampesteinene bortenfor huset - steinen ble siden hetende Kanonsteinen. Derfra drev de med øvelsesskyting i fjellsidene. Boligbrakker ble satt opp nedenfor steinen. Det var en stund ganske mange tyskere som hadde oppholdssted i Hovden. De var igrunnen ikke til mye hinder for vår tilværelse, de var rolige og greie mennesker. Men de var jo fienden.

 

Den dagen Odda ble bombet lå jeg godt gjemt i en hule under en stor kampestein - Kanonsteinen.

 

John Legård forteller:

 

Vaktsoldatene i Hovden hadde fått melding om at krigen var slutt og dimmiterte seg sjøl. Uniformene og geværene gjemte de under en stein nedenfor Hellandskaféen. Jeg oppdaga dette da jeg sprang og lekte mellom steinene. Jeg sprang hjem til bror min og fortalte om det spennende varpet. Sammen gikk vi for å hente det og gjemme det i ei hole i nærheten. Far lurte på hva vi balte med, og vi måtte fortelle det. Han tok seg av geværene.

 

Hald kjeft!

Dei tyske soldatane i brakkene på Eidesmoen vart verande utover sommaren 1945 før dei vart sende tilbake til Tyskland. Det var eit song- og musikkarrangement i Hovden og mykje folk samla seg. Ein tropp tyskarar ville og visa at dei kunne syngja og sette i gong så det ljoma. Då kom det kvasst og høgt frå ein kraftig kar i Hovden: "Hald kjeft! De har songe nok!"

 

Alle desse og fleire historiar kan ein lese i Odda Mållag sine hefter "Odda i manns minne"

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no