NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Heimefronten i Røldal

Etter den vellukka sprenginga av tungtvassanlegget på Rjukan 28. februar 1943, kom også Røldal litt etter litt med i arbeidet for organiserte heimestyrker, kalla Milorg (Militærorganisasjon).

Tungtvassprenginga på Rjukan

Løytnant Rønneberg var sjef for sprengingsgruppa som aksjonerte mot tungtvassanlegget på Rjukan i 1943, fenrik Knut Haukelid var nestkommanderande. Gruppa hadde kome med fly frå England og landa med fallskjerm ein stad på Hardangervidda i slutten av januar. Der kunne dei i ro og fred førebu sprenginga utan at tyskarane merka noko til det.Difor kom åtaket på tungtvassanlegget som eit sjokk på tyskarane. Desse sette straks i gang tiltak i bygdene rundt Hardangervidda for å finna gjerningsmennene. Dei tråla vidda på kryss og tvers med skipatruljar utan resultat. Alle som var med på aksjonen kom seg unna. Løytnant Rønneberg med fleire, gjekk på ski til Sverige og reiste derifrå med fly til England.

 

Knut Haukelid Knut Haukelid var ein av dei sentrale personane under tungtvannsabotasjen på Vemork.

 

 

Knut Haukelid og Arne Kjelstrup drog inn på vidda etter sprenginga. For det meste heldt dei seg i skjul i ei hytte ved Langesæ, sør for Haukelisæter. Etter kvart kom fleire motstandsfolk til det som no vart kalla Haukelid sin leir. Her sette dei i gang Milorg-arbeidet. Dei hadde ein radiotelegrafist og sambandet med London var godt. Tyske patruljar gjennomsøkte vidda jamnt og trutt. Flyslepp med våpen, mat og klede måtte koma om natta og gøymast raskt og godt. Vinteren 1944-45 rekna dei med å ha våpen og utstyr nok til ein kampstyrke på vel 1000 mann.

 

Knut Haukelid tok kontakt med Knut Rabbe i Røldal under dekknamnet Hartmann i juli 1943. Han gjorde greie for oppdraget med å organisera heimestyrkar, noko som ville vera både vågsamt og spanande for ein ungdom. Han sa at Knut måtte tenka seg godt om før han svara på førespurnaden. Knut trong ikkje lang tid å vurdera det interessante oppdraget før han same kvelden gav eit positivt svar.

Dei komande åra vart det mykje samarbeid med karane i Haukelid-leiren. Fleire røldøler kom til, som Udmund Hellemo. Huset hans låg meir avsides enn Rabbe sitt, så dei hadde møtene sine der eller på stølane Votna og Tongavad.

Vinteren 1943-44 vart det ordna med kontakt i Suldal.

Knut Rabbe hadde mange lange og slitsame skiturar på vidda for fyrst og fremst ta imot flyslepp og få våpna gøymde på ein sikker stad. Så måtte ein læra seg bruk av dei nye våpna som kom frå England, før ein kunne halda kurs for andre medlemmer i heimestyrken. Dette gjekk for det meste føre seg på stølar som ikkje var i bruk om vinteren.

I januar 1944 fekk Knut Haukelid i oppdrag frå London om å sprengja ferja som gjekk på Tinnsjøen. Ferja var lasta med tungtvatn, råstoff som måtte til for å produsera ei atombombe. Den 19. februar gjekk ferja ned på djupt vatn midt på Tinnsjøen. Fire tyskarar og fjorten nordmenn fylgde med. Krigen var nådelaus. 

I jolehelga 1944 vart kontaktane i Suldal arresterte. Av trygginsomsyn måtte Knut Rabbe stikka av, og han slo lag med Knut Haukelid ved basen i Langesæ.

 

I februar 1945 vart Milorg omorganisert av sjefane for Milorg i Vest-Telemark, Røldal og Suldal. Møteplassen vart ordna frå London og lagt til ei hytte ved Holmavatn sør for Haukelisæter. Knut Rabbe fekk oppdraget med å skaffa naudsynt mat og brensel. Møtet vedtok at Røldal og Suldal skulle leggjast til Haugesund/Odda-området, og Knut Rabbe vart knytt til Odda-distriktet. Dette likte ikkje Haukelid, han meinte at Knut Rabbe var so sterkt engasjert på austsida. Men Knut skulle no vera bindeledd mellom distrikta. Kontaktmann i Odda var urmakar Guttorm Ormberg.

 

 

Flyslepp på Røldalsvatnet

Laurdag 15. april 1945 kom ei melding frå London om at eit flyslepp med våpen ville koma til Røldal og Valldalen denne natta. Knut Rabbe fekk tak i nokre karar til å hjelpa han. Det var overskya og dårleg vêr for flyslepp, men om natta kunne dei høyre fly komme inn over Røldalsbygda, og dei såg glimt av fly i vest og at flya sirkla rundt. Det venta flysleppet kom ikkje, så Knut Rabbe og hjelparane kom seg heim att.

Om morgonen vart Knut vekt av mor si som kunne fortelja at fallskjermar og våpencontainarar låg på isen midt på Røldalsvatnet. Den tyske vaktstyrken hadde full kontroll på dette, så Rabbe kunne ikkje visa seg in nærleiken av flysleppet. Men Rabbe oppdaga at det hang ein fallskjerm oppe under Håranuten og rekna med at tyskarane ikkje hadde oppdaga han. Rabbe og to ungdomar kom seg opp, fekk ned fallskjermen og gøymde containaren, før han varsla Odda slik at dei fekk kjennskap til det mislukka flysleppet, som no så og seia hadde hamna i fanget på den tyske vaktstyrken.

Tidleg neste morgon gjekk Rabbe på ski over fjellet til Seljestad og tok Skarsmobussen til Odda, der han møtte urmakar Ormberg og gjorde han kjend med det som hadde skjedd. Rabbe var heime i Røldal att i kveldinga. No måtte han gøyma alt som kunne visa til illegalt arbeid, som radio, våpen og anna utstyr, og varsla dei andre i heimstyrken til å gjera det same. Det var å venta at Gestapo kjem til å gjera ei grundig undersøking. Rabbe hadde bede systera Gunvor, som var sentralborddame i bygda, og Laura Bratteteig, som hadde same oppgåve på Håra om å varsle han om tyskarane ville slå til.

Om føremiddagen den 19. april kom det ei avdeling tyskarar frå Odda til telefonsentralen på Håra og sperra alle utgåande samtalar. Laura Bratteteig vart nekta å forlata telefonsentralen. Det same vart gjort nede i bygda. Den same natta kom ein styrke frå Gestapo (tysk statspoliti) og Stapo (norsk statspoliti) opp Bratlandsdalen frå Stavanger til lensmannen som fekk i oppdrag å vise dei kvar Knut Rabbe budde.

Klokka fire om morgonen den 20. april våkna Knut Rabbe av banking på ytterdøra. Han skjønte fort kven som stod utanfor huset. Tyskarane hadde for vane å koma på denne tida når dei skulle arrestera nokon.

 

Knut Rabbe fortel:

- Eg kom meg ut or senga i ein fart, og opna vindauga rett over inngangsdøra. Litt dumt spurde eg kva som stod på sidan dei vekte folk på denne tida av døgeret. Lensmannen svara at han hadde med seg nkre karar som ville snakka med Knut Rabbe. Tyskarane såg eg lite til i mørket, for dei hadde stilt seg inntil veggen.Eg svarde lensmannen at eg fyrst måtte kle på meg før eg kunne koma med for å låsa opp. Kleda fekk eg på meg i ein fart, men tok meg ikkje tid til å få på meg sko på føtene. Så skunda eg meg bort til matkammerset som låg på motsett side av inngangen. Lydlaust opna eg vindauga og hoppa ut med beksaumstøvlane i eine handa og revolveren i den andre. Eg ville forsvara meg og eg ville røma. Ute møtte eg ein forfjamsa tysk soldat som skaut etter meg der eg sprang i mørket. Eg snudde meg og svara med ein gnistrande revolver så soldaten fann det tryggast å søkja dekning. Eg sprang ned mot elvejuvet, det var ingen annan veg å prøva om eg skulle koma meg unna. Tyskarane var ikkje kjende i terrenget og kunne ikkje fylgja meg i mørket.

Nede ved elva roe eg meg ei stund, fekk vaska sokkane og tok støvlar på føtene. Så gjekk eg vidare gjennom skogen inn til Udmund Hellemo. Då eg vel var komen dit, kom Nils Hagen og Ingvald Øvregård. Dei hadde høyrt skytinga heime på Rabbe, og hadde kome seg av stad med det same. Medan me diskuterte mvidare plan, fekk eg auga på ein tysk patrulje som kom for å omringa huset. Nils, Ingvald og eg kom oss av stad fortare enn fort. Utan dekning streva me oss opp ei bratt li, stundom i djup snø. Tyskarane hadde fått auga på oss og skaut etter oss så det plystra om øyro. Men me kom oss uskadde opp til Nyastøl ved ysteriet og fekk tak i ski der. No var det lett å koma seg inn i Valldalen. Tyskarane som fylgde etter oss hadde ikkje ski, og me rekna som sikkert at dei heller ikkje kunne gå på ski. På snøføret me no hadde, var me rømlingane dei beste til å ta seg fram. Turen gjekk vidare til stølen Tongavad, der det var gøynd våpen som me tok med oss. Etter ein kvil på stølen til Olav Hellemo gjekk turen over fjellet austover nord for Haukeliseter til stølen Raudberg. Her var det fleire rømlingar, for tyskarane hadde slege til på båe sider av fjellet samstundes. Etter litt diskusjonar og nokre skiturar til andre stølar, vart me eingie om å gå over fjellet att til Røldal. Der fekk me høyre at Nils og Ingvald og var mellom dei ettersøkte, og kom oss i hus på Øverlandstølen på mørke natta.

No var det om å gjera å finna seg ein trygg plass i Valldalen. Øvst oppe i lia under Kvessenuten,ved Kjømberget, fann me ein lagleg heller som vart rigga til. Me hogde nokre bjørkestrangar og sette dei opp på framsida, litt på skrå. På ein støl nede i dalen fann me nokre bølgjeblekkplater og turvande verkty. Platene vart spikra på strangene, dei var til godt vern mot vind, regn og snødrev. Ein liten skipsovn vart og funnen og kom på plass etter mykje strev. Noko luksushusvære var det ikkje, men i den vanskelege stoda me var komne, vart hellaren godt brukande. Frå denne staden hadde me utsyn over dalen og kunne fylgja godt med på kva som gjekk føre seg der, medan det var vanskeleg å få auga på oss frå dalen. Eit par dagar etter at me hadde ordna til hellaren, kom ei tysk skipatrulje gåande nedover dalen. Dei hadde truleg tråla vidda for å finna og arrestera rømde motstandsfolk. Dei brukte og fly i dette arbeidet.

 

Menn på ski under snøskavl på 1930-talet

Menn på ski under snøskavl og steinheller. Illustrasjonsfoto frå Kraftmuseet sitt arkiv.

 

 

Dagen etter fekk me auga på ei jente som gjekk på ski innover dalen. Det var Anna Hellemo, syster til Olav Hellemo. Eg kjende ho att med det same, for ho hadde ord på seg å vera like god på ski som dei beste karane i Røldal. Ein prat med Anna var viktig for oss, så eg skunda meg henne i møte. Ho fortalde at broren Olav var arrestert, men hadde fenge lovnad om å sleppa fri ved å levera Krag-rifla som låg i selet i Kjømberget. Med løyve ifrå tyskarane kunne ho fritt gå inn i Valldalen for å hente rifla. Vidare kunne ho fortelja at Gestapo framleis var i Røldal og arresterte folk. Ikkje godt nytt for oss! Eg ba henne varsle far til Ingvald om kor me var.

Tre dagar seinare kom Nils Øvregård, far til Ingvald, til Kjømberget og fortalde at Gestapo no var reist frå Røldal. No våga me oss til å gå heim om natta for å henta mat og utstyr. Det fyrste eg gjorde var henta radioen som var gøymd i ura ovanfor husa. Foreldra mine hadde vakna av skytinga då eg rømde. Gestapo hadde brukt maskinpistol for å opna døra. Dei hadde storma inn, og Åsmund, bror min på 23, hoppa direkte ut frå andre etasje. Men sidan huset var omringa, vart han straks teken. Dei tok han med til Tufte, hengde han opp etter armar og bein i ei løe og mishandla han sterkt. Den tyske vaktsjefen på Einarhaug, Ottmar Durch, fekk løyve av Gestapo om å sjå til han. Vaktsjefen gjekk heim til Rabbe, fekk med seg reine klede, vaska og skifta på Åsmund før han vart send til Stavanger. Etter å ha vorte avhøyrde av tyskarane, fekk foreldra mine og yngste bror min, Sondov på 16 år, lov til å vera heime.

Gestapo hadde teke med fire personar til Stavanger, der dei sat i fengsel til 8. mai. Dei som vart fengsla var: Åsmund Rabbe, Udmund Hellermo, Erling Bratteteig og Toralv Eigestad. Bortimot 30 personar vart arresterte i Røldal, men slapp fri ved å levera inn Krag-rifla.

Me kom oss inn at til helleren då det grydde av dag. Me var bra orienterte om det som hadde hendt i Røldal etter me hadde rømd. Og det var godt for foreldra våre å få veta korleis me hadde det. Det hadde vore ein vellukka natterangel, me hadde no radio og betre utstyr. Kvar kveld lydde me med spenning på kva London hadde å fortelja. Etter dette vart det roleg og då me høyrde i radioen at Hitler med si Eva hadde gjort ende på sine dagar den 30. april, tenkte med at det no måtte gå mot slutten.

Det viktige spørsmålet no var om dei tyske herstyrkane i Norge ville fortsetta og forsvara "Die Festung Norwegen"..... Den 7. mai 1945 kl. 19.00 fekk me svaret frå London. Nazi-Tyskland hadde kapitulert og fredsdokumenta skulle skrivast under 8. mai. I Norge skulle heimefronten halda vakt over dei tyske styrkene til engelske troppar kom.

Dette var stort! Atter var med frie menn i eit fritt Norge - utan å løysa eitt skot! Med hadde grunn til å jubla.

Etter denne gladmeldinga gjorde me oss klare til å forlata helleren om kvelden, koma oss heim og feira 8. mai frå morgon til seine kvelden med vener som stridde saman med oss. Vidare måtte me gjera oss klare til å utføra dei pliktene me kom til å få frå befalet i heimefronten.

 

Knut Rabbe og våpna han brukte under 2. verdskrig. Knut Rabbe med våpen han brukte under 2. verdskrig. Foto: Jan Gravdal - Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Utdrag frå artikkelen Heimefronten i Røldal under krigen av Olav M. Mannsåker, fortald av Knut Rabbe i Odda i manns minne nr. 15, 2006

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no