NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Heimefronten i Odda

Då landet vart okkupert i 1940 nytta det ikkje lengre med open motstand. Ei motstandsrøyrsle måtte byggjast opp i løyndom.

Det vart danna mange motstandsgrupper rundt om i landet, og etter kvart kom gruppene under ansvarleg sentral leiing. Heimefronten vart bygd opp sivilt (Sivilorg) og militært (Milorg). Desse arbeidde saman, men hadde kvar sine hovudoppgåver.

 

Sivilorg i Odda vart starta hausten 1941, då ein "Nasjonalkomité" på 6 medlemmer vart skipa. Initiativet kom frå den unge kommunisten Ørnulv Slåttelid, som hadde idéen med seg frå Oslo. Men komitéen var upolitisk samansatt og skulle representera heimefrontleiinga. Den viktigaste oppgåva var å yta økonomisk hjelp til familiane som hadde sjøfolk i utenriksfart. Dei skulle også organisera "treghets-sabotasje" på arbeidsplassane og passiv motstand så langt det lot seg gjera.

Leiar for Sivilorg i Odda var ingeniør Anders Sandaker ved Zinken, men det var mange som deltok aktivt i arbeidet. Når nokon måtte gå i dekning eller vart arrestert, sto nye klar til å fylla rekkene.

 

Ørnulv Slåttelid vart send til Oslo som mellommann, under påskot av at han skulle gå i smedlære. Der slutta han seg til det illegale arbeidet, vart teken av Gestapo og torturert i hjel på Møllergata 19 den 18. mai 1942 - berre 23 år gamal.

Ørnulf Slåttelid på kaien i Odda Ørnulv Slåttelid. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Hausten 1942 vart ei særs vanskeleg tid med mange arrestasjonar. Nasjonal Samling (NS) gjekk til aksjon mot lærarane, og Gestapo slo til mot ei kommunistisk gruppe der mange av dei arresterte var frå Odda og Tyssedal. Ein del av fangane vart sendt til Tyskland, men 17 av gruppa vart haldne att på Grini. 

 

Meldinga som vart offentleggjort i avisene 2. mars 1943 var den meist sjokkerande under heile krigen for folk i Odda:

 

 

17 dødsdommer fullbyrdet

Der höhere SS und Polizeiführer Nord,

SS-Obergruppenführer und General der Polizei

gjør kjent at følgende er dømt til døden

for forsøk på bolsjevistisk undergravingsarbeide

og virksomhet for en fiendtlig stat:

Kleppestø, Ingolf

Berg, Arthur

Espelid, Thor Gerotti

Slåttelid, Harald

Prestegård, Olaf

Veka, Knut

Kindem, Leif

Dommen ble fullbyrdet ved skyting på

Trandumskogen 1. mars 1943.

 

 

I tillegg til dei sju frå Odda, vart ti andre nordmenn henretta. Den eigentlege orsaka til dei 17 dødsdomane var for å statuera eit døme og for å understreka det Reichskommisar Terboven sa i sin skremselstale 22. februar 1943:

 

"Vi diskuterer ikke med kommunister - vi lar dem stå til ansvar - uten nåde!"

 

Dei som var i motstandsrøyrslene vart etterkvart flinkare til å arbeida i skjul, og arrestasjonane vart sjeldnare. Dei kunne likevel aldri kjenna seg trygge for provokatørar, spionar og angjevarar. I Odda vart til saman 25 personar arresterte i 1943, 20 i 1944. Mange av dei vart angjevne.

 

Ein del motstandsfolk måtte rømma, og omlag 50 personar låg i dekning rundt om i distriktet. Ei av oppgåvene til Sivilorg var å skaffa trygge gjøymestader og å sørga for pengar og rasjoneringskort.

 

 

 

 

Sverre Rafdal, Finn R. Sunde og Hermann Christiansen i Mosdalen under 2. verdenskrig.

Sverre Rafdal, Finn R. Sunde og Hermann Christiansen i Mosdalslia under 2. verdskrig. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Våren 1941 kom den unge bankmannen Finn R. Sunde til Odda for å arbeida i Odda Privatbank. Han var send hit for å ta seg av det illegale arbeidet i Odda og Indre Hardanger. Sunde kom raskt i kontakt med Lars Øye, som hadde hatt kommandoen over dei frivillige frå våren 1940. Lars Øye var formann i Odda Skyttarlag, og Hardanger og Voss Skyttarsamlag, og reiste rundt og gav folk våpeninstruksjon. Sunde og Øye la grunnlaget for Milorg i Odda.

 

Arbeidet gikk mellom anna ut på å senda rapportar om tyske militærforlegningar, festningsanlegg, bunkersar og kanoninnstillingar med både kart og fotografier. Det vart også samla inn og lagt ut depot med våpen og ammunisjon. 

 

11. oktober 1941 slo Gestapo til mot Finn R. Sunde etter at dei hadde snappa opp ein rapport som han hadde sendt. Han vart frakta til Bergen der han vart torturert på det grusomste. I redsle for å sprekka under ytterlegare avhøyr, tok han sitt eige liv med ei gift han hadde gjøymt på seg.

 

Han pleide alltid å seia: "Død mann røber ingen". Desse orda stod også på minneplata han fekk som hang i Bergen Bank i Odda.

 

 

Lars Øye Lars Øye. Foto: Jan Gravdal Kraftmuseet arkiv

 

Lars Øye fekk i oppdrag å ta over som områdeleiar for Odda og Indre Hardanger Milorg. Det Milorg håpa og venta på, var våpen og utstyr frå England. Det fyrste flysleppet fann stad i Rullestadfjella ved juletider 1943. Seks vidare slepp med våpen og utstyr kom i mars-april 1945.

 

Milorg hadde no fullt utstyr til 400-500 mann her i distriktet.

 

Så kom kapitulasjonen 8. mai 1945. Heldigvis vart det ikkje bruk for våpenmakt.

 

Krig og fred i Odda

Heimefronten, kompani III foran Tyssedal Hotell i 1945. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no