NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Industristaden og 2. verdskrig

"I ein moderne krig er industriproduksjon like viktig som den militære innsats."

Sitat frå boka Industrien under hakekorset.

Odda og Tyssedal var eit viktig mål for okkupasjonsmakta. Kraft- og industrianlegga blei vakta av tyskarane sjølv for å tryggja ein stabil produksjon. Alle bedriftene vart pålagd å ha ein tysk kontrollør i administrasjonen. Tyskarane forlangte at produkta frå industrien blei stilt til disposisjon for krigføringa. Samstundes tydde produksjonen mykje for norsk sjølvforsyning.

Den tyske okkupasjonsmakta sin reidskap i Norge var Nasjonal Samling med Vidkun Quisling som leiar. Partiet var stifta 17. mai 1933 og då krigen braut ut var partiet i ferd med å bli stort, og våren 1941 hadde NS 25 000 medlemmer.

 

Nazipropaganda

Gjennom NS sitt propagandaapparat vart det norske folk fora med flygeblad, oppslag, plakatar, slagord, tidsskrift, bøker, radiosendingar, filmaviser og propagandamøte. Norske aviser blei sensurerte.

Alle forbund, lag og organisasjonar vart nazifiserte. Skulen og kyrkja vart pålagde å vera lojale mot NS og den tyske okkupasjonsmakta. Sensuren gjaldt overalt i samfunnet.

Krigspropaganda 2. verdenskrig

 

 

"Dette er London"

Radioen har ein spesiell plass i folk sitt minne frå krigen. Gjennom radiosendingar frå London fekk ein nyheiter og undehaldning. Men radioen vart og brukt til å få sendt ut meldingar til kontaktnett som ga ut illegale aviser. Motstandsorganisasjonen Milorg fekk og medlingar via radiobølger som var koda og som kunne vera meldingar om flyslepp eller sabotasjehandlingar. Difor vart det forbudt å ha radioapparat. På Vestlandet fekk alle beskjed om å levera inn radioane sine sommaren 1941. Seinare gjaldt dette for heile Norge.

 

I Odda vart alle beslaglagte radioar innelåst i underetasjen på barneskulen. Det hende at folk som jobba illegalt klarte å ta seg inn i dette rommet og stela radioar.

 

Tilsaman vart det beslaglagt 538 000 radioar i heile landet i krigsåra. Mange klarte likevel å lura unna radioar. Desse vart gjøymd i kjellarar og på loft, eller i holer og urar i skogen. Andre laga krystallapparater - små, enkle radioar som ein kunne få inn sendingar på.

 

For dei som publiserte illegale aviser var radioen ei heilt sentral informasjonskjelde. Meldingar både frå London og frå ulovlege radiosendarar her i landet vart vidareformidla gjennom enkle avisblad.

 

.Odd Eriksen og Sigurd Øystese lytter til radio

Odd Eriksen, ukjent og Sigurd Øystese lytter til radio i Tyssedal. Foto:NVIM

 

Heimefronten

Den militære motstanden var knust alt fyrste våren av krigen. Alt vidare motstandsarbeid måtte byggjast opp hemmeleg. Det kom i funksjon i 1941/42. Den militære norske heimefronten var organisert i avsnitt eller område. Området frå Eidfjord til Skare var inndelt i fem kompani og høyrde til Haugesund-Odda avsnittet. Røldal høyrde til avsnittet for Vest-Telemark, Røldal og Øvre Suldal.

 

Milorg fekk våpen, klede og utstyr frå England. Dette kom med fallskjermslepp eller dropp på avsidesliggjande stader i fjellet. Alt måtte føregå om natta og via hemmelege kodar og meldingar. Milorg-grupper ved Vendevatnet i fjellet over Espe og ved Kjeidalsvatnet i Rullestadfjellet tok imot fleire dropp. Det første kom i 1943, dei fleste våren 1945. Då kapitulasjonen kom i 1945 hadde Milorg våpen og utstyr til 400-500 mann. Dette utstyret blei aldri brukt i kamp, kun til vakthald og defilering i gatene. Men det var usikkert korleis tyskarane i området ville reagera på kapitulasjonen. Milorg hadde planar for overtaking av vakthold og kontroll. Tyske troppar var i landet i fleire månader etter 1. mai. Heimefrontkarane stod for vakthaldet i denne perioden.

 

Krig og fred i Odda

Heimefronten i Tyssedal i 1945: Vigleik Borge, Olav Follo, Johannes og Robert Instanes, Olav Kvåle, Kåre Solem, Torkjel L.Stana, Lars Ulgenes, Johan Ulriksen, Einar Vangsnes, Einar Eriksen, Erik Hultstrand, Kjell Jensen, Otto Løyning, Terje Olsen, Tom Opsund, Ola B. Seim, Per Torblå, Knut Vasby. Foto: NVIM

 

Fredsdagane 1945

Om ettermiddagen 7. mai 1945 kom den etterlengta meldinga: Tyske militære i Norge hadde kapitulert. 350 000 tyske soldatar skulle avvæpnast og samlast i interneringsleirar.

 

Krig og fred i Odda

Lars Låte heiser flagget 7. mai 1945. Foto: NVIM

 

Flagg vart heiste, folk strøymde ut på gatene i gledesrus og song "Ja, vi elsker..." Etter fem lange år vart blendingsgardinene rive ned. Elektrisk lys flaumde igjen ut frå vindauga i Odda. Det norske flagget vart heist på Hjøllo alt den 7. mai kl. 16. Dei hadde radio og visste om freden alt kl. 15, men brukte ei tid på å leita etter flagget som dei ikkje hadde kunna bruka på fleire år.

 

Tysdag 8. mai vart den store fridomsdagen. Folk samlast på torget i Odda Frå ein høgtalar høyrde dei Churchill, kronprins Olav, kong Haakon og statsminister Nygårdsvold tala. Dei mana det norske folk til å ta situasjonen på ein verdig måte. Dei som hadde vore i dekning kom fram. Fangar frå Espeland, Grini og andre fangeleirar kom heim. Dei fleste Tysklandsfangane kom heim til Odda 22. mai - 50 i eitt følgje.

 

 Krig og fred i Odda

Krigsfangar kjem heim. 8. mai 1945. Foto:NVIM

 

Freden vart feira mange gonger denne våren. Eit større 17. maitog enn i 1945 har det aldri vore i Odda. Den 7. juni kom kong Haakon tilbake til Norge. Det vart ein stor merkedag. Ved eit tilfelle låg den britiske kryssaren "Devonshire", som førte kongen til England, i hamna i Odda den 7. juni 1945.

 

Krig og fred i Odda Frå 17.maitoget i Odda 1945. Foto:NVIM

 

Prisen for gleda den 8. mai 1945 var høg å betala. Mange liv var tapt. Mange hadde gjennomlevd umenneskeleg liding. Mange måtte bera på vonde minner og tung sorg.

 

Krig og fred i Odda Minnestund over dei falne på gravplassen på Berjaflot i Odda. Foto: NVIM

 

Diktaren Claes Gill oppmodar oss om aldri å gløyme:

 

Gloria Victis! – Glem dem aldri!
Glem aldri de falne
som roper til oss med død i sin munn
at liv, langt eller kort, i dødens stund
veies på vektskålen opp med seiershåpets svimle sekund.

Gloria Victis! – Glem dem aldri!
Glem aldri de levende,
de som med døden i sind må trosse sitt nederlag
leve, synge for sine barn, streve fra dag til dag
håpende intet – intet uten sitt hjertes siste slag 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no